Sesongstart og formtest: – Det er alltid litt ekstra spennande
Plus
Søndag 29. mars vert motbakkeløpet Piltevarden opp arrangert på Mjømna i Gulen. For Anita Lilleskare har det vorte ein fast tradisjon for å kjenna på konkurranseinstinktet att etter vinteren.
Lilleskare har vunne kvinneklassen kvart einaste år sidan 2016, og ho legg ikkje skjul på at det er noko eige ved å festa startnummeret på brystet for første gong i sesongen.
– Det er alltid litt ekstra spennande å skulle teste formen med startnummer på brystet for første gong i sesongen, og då synest eg Piltevarden er ein perfekt start og gjennomkjøring på grunn den gode og uformelle stemninga, seier Lilleskare.
Sjølv om ho har dominert resultatlistene i fleire år, er ho mest oppteken av sin eigen prestasjon framfor kven ho spring mot. På spørsmål om ho går for siger også i år, er svaret tydeleg:
– Uansett kva løp eg spring så prøver eg alltid å tenke på meg sjølv og kva eg skal gjere. Og eg vil alltid prøve å gjere mitt beste.
Rett opp
Løypa startar ved Mjømna kyrkje og endar på Piltevarden, 194 meter over havet. Ifølgje initiativtakar Trond Spurkeland er løpet ope for alle, uavhengig av ambisjonsnivå. Medan dei raskaste gjerne gjer unna stigninga på elleve minutt, brukar mosjonistane i roleg turfart gjerne rundt tre kvarter til toppen.
Etter løpet vert det lagt opp til ei sosial samling med servering av kaker og vaflar i samfunnshuset på Mjømna, noko som understrekar den uformelle profilen som Lilleskare og dei andre deltakarane set pris på.