Herold

KrF-lag brukte 200.000 på USA-tur: – Pengane skal gå til politisk arbeid, ikkje til fest og ferie

Kilde: NRK Author: Magnus Stokka Published: 2026-03-27 05:57:32 Last updated: 2026-03-27 08:24:25
KrF-lag brukte 200.000 på USA-tur: – Pengane skal gå til politisk arbeid, ikkje til fest og ferie

Stavanger KrF brukte nesten 20 prosent av partistøtta på jubileumstur til New York som inkluderte konsert og guiding. Det får statsvitar til å reagera sterkt.

Saka oppsummert

  • Stavanger KrF brukte nesten 20 prosent av sin kommunale partistøtte på ein femdagers jubileumstur til New York, med ein prislapp for partiet på rett i underkant av 200.000 kroner.
  • Turen inkluderte flybillettar, hotell, guiding, måltid og ein konsert med Kaizers Orchestra, noko som har skapt sterk kritikk frå statsvitar Svein Tuastad.
  • Stavanger KrF forsvarer turen som ein sjeldan studietur med historisk og politisk betydning, og påpeiker at deltakarane også betalte ein eigendel.
  • NRK har tidlegare fortalt at ein delegasjon frå Rogaland brukte over éin million kroner av offentlege middel på ei jubileumstur til New York i 2025.

– Det er vanskeleg å forstå korleis konsertar og guida turar i USA fører til at KrF gjer ein betre jobb for innbyggarane i Stavanger, seier statsvitar Svein Tuastad ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Han reagerer sterkt på at ei gruppe på 11 personar frå Stavanger KrF i oktober i fjor reiste på femdagarstur til New York.

Det skjedde i samband med utvandrarjubileet.

I USA blei det markert at det er 200 år sidan den store utvandringa til Amerika.

I tillegg blei ein replika av det gamle utvandrarskipet «Restauration» tatt imot på kaia i den amerikanske storbyen.

Prislappen for KrF-turen:

Rett over 300.000 kroner, viser oversikta NRK har fått tilsendt frå lokallaget.

Trekkjer me frå det reisegruppa har betalt i eigendel på mellom 5-10.000 kroner, blir utgiftene for partiet på litt under 200.000 kroner.

Det tilsvarer litt over 18 prosent at det partiet i år får i offentleg støtte frå kommunen (utanom rådgivarstilling til varaordføraren i Stavanger frå KrF).

Dette kosta New York-turen for Stavanger KrF:

Utgifter:

  • 255.850 kroner(reisebyrået Plussreiser, transport, hotell, enkeltmåltid, guiding, opplegg)
  • 22.200 kroner (fråtrekk flybillettar)
  • 9.000 kroner (Plussreiser, tillegg enkeltrom)
  • 4.292 kroner (flybilllettar til flyreise t/r Oslo)
  • 8.106,26 kroner (billettar til Kaizers-konsert)
  • 501,46 kroner (SIM-kort til bruk ved studietur, til telefonen til gruppesekretær)
  • 1524,95 kroner (mat til gruppemøte)
  • 1061,5 kroner (transport til hotell og til flyplass)
  • Total sum: 302.536 kroner.

Inntekter:

  • 107.292 kroner(eigendel, betaling enkeltrom, betaling flyreise til Oslo)

Totalkostnad Stavanger KrF: 195.244 kroner.

Bystyrerepresentanter og ansatte betalte en egenandel på 5.000 kroner per deltaker, utvidet bystyregruppe (vara til bystyret/medlem by/kommunedelsutvalg) betalte en egenandel på 10.000 kroner.

Alle deltakere bestilte og betalte selv flyreise t/r Oslo, samt tillegg for enkeltrom. De som kjøpte flybillett helt frem fikk fratrekk for flyreisen.

Stavanger KrF brukte reisebyrået Plussreiser til å bistå med hotell, fly og planlegging av opplegg.

Svein Tuastad er statsvitar ved Universitetet i Stavanger.

Nesten 20 prosent av partistøtta

Pengane har gått til flybillettar, transport, hotell, måltid, guiding og ulikt opplegg (sjå faktaboks).

Det blei også brukt drygt 8000 kroner på ein konsert med rockebandet Kaizers Orchestra.

– Det ser ut som om dei bruker pengar partiet får for å bli betre til å driva politikk for borgarane i Stavanger kommune, til ferietur til USA, kritiserer statsvitar Tuastad.

Stavanger KrF legg i sitt svar vekt på at dette var ein type studietur som normalt blir gjennomført ein gong i løpet av ein valperiode (sjå heile svaret i faktaboks).

– For Stavanger KrF er dette ein bevisst prioritering innføre dei samla midlane partiet får over fire år, seier gruppeleiar Therese Egebakken.

Anne Kristin Bruns (bystyremedlem) og Henrik Halleland (varaordførar) er blant dei som tok turen til New York.

KrF: – Ikkje fest og ferie

NRK har tidlegare omtalt at fleire ordførarar, rågivarar, kommunale- og fylkeskommunale leiarar og reiselivsaktørar reiste på same jubileumstur.

Dei brukte rett over ein million kroner – betalt med offentlege midlar. Blant anna blei det brukt 70.000 kroner til open bar og rundt 23.000 kroner på private båsar på golfbanen.

New York-turen skjedde samstundes som det blei kjent at mange rogalandskommunar og fylkeskommunen stod i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon.

Statsvitar Tuastad og andre kjelder NRK har snakka med, påpeikar at føremålet med partistøtta dei politiske partia får frå kommunane er å driva organisasjonen og bli betre politikarar.

– Pengane skal gå til politisk arbeid, ikkje til fest og ferie, slår Tuastad fast.

Stavanger KrF reagerer på kritikken.

Dei kjenner seg ikkje igjen i påstanden om at pengane blei brukt på fest og ferie.

– Noko av midlane til bystyregruppa blei her brukt til ei reise ved eit historisk høve der fokuset og hovudinnhaldet omhandla det norske utvandringsjubileet. I tillegg brukte me eigendel, seier gruppeleiar Egebakken.

– Å kalla utvandrarjubileet for fest og ferie er merkeleg og oppsiktsvekkande av ein statsvitar. Både når ein legg til grunn historia og situasjonen mange i Stavanger var i som gjorde at dei emigrerte til USA den gongen, og dessutan verknaden folkeforflyttinga hadde for Stavanger, held ho fram.

Stavanger KrF om New York-turen

Gruppeleiar Therese Egebakken svarer for Stavanger KrF.

Kvifor reiste ein delegasjon på 11 personar frå Stavanger KrF på jubileumsturen til New York?

– Høvet for at ein KrF-delegasjon reiste til New York, var 200-årsjubileet for den norske utvandringa til USA og seglinga til «Restauration». Delegasjonen bestod av 11 personar etter at me hadde spurt personane i utvida bystyregruppe om kven som kunne vera interesserte i å bli med på markeringa. Alle i delegasjonen betalte eigendel på mellom 5.000-10.000 kroner.

– Kva var føremålet?

– Formålet med turen var å vera med på 200-årsmarkeringa for den norske utvandringa til USA og vera med og ønskja «Restauration» velkommen på kaien under markeringa som vart halden der. Me var også med på ei markering med same tema i Sjømannskyrkja.

– Kva fekk bystyregruppa ut av turen?

– Kunnskap om og fokus på den norske utvandringshistoria til USA med særleg fokus på Stavanger med mellom anna situasjonen rundt trusforfølging, der mange som emigrerte frå Stavanger var kvekarar.

– Menneskesyn i møte med immigrasjon, og mottak og sortering av immigrantar ved Ellis Island.

– Beredskap og møte med terror ved Ground Zero, og dessutan viktigheita av sivilsamfunn og kyrkjer/samlingsstader i krisesituasjon ved besøk av mellom anna St. Paul Chapel som fungerte som kvileplass og tilfluktsstad under terrorangrepet 11. september 2001.

– Gruppearbeid og refleksjon rundt politikken vår og Stavanger KrF undervegs på reisa.

Korleis vart dette forankra i lokallaget?

– Dette vart forankra i bystyregruppa. Lokallagsstyret var informert. Me som gruppe har ikkje hatt ein studietur i valperioden, så me valde å ta denne turen slik at fleire kunne bli med. Ein studietur i perioden er svært vanleg for fleire parti.

– Kva tenkjer de om kritikken frå Tuastad? Spesielt punktet om at «offentlege pengar frå kommunen til politiske parti skal gå til politisk arbeid, ikkje til fest og ferie»?

– Me kjenner oss ikkje igjen i påstanden om at dette blei brukt på fest og ferie. Noko av midlane til bystyregruppa blei her brukt til ei reise ved eit historisk høve der fokuset og hovudinnhaldet omhandla det norske utvandringsjubileet. I tillegg brukte me eigendel.

– Å kalla utvandrarjubileet for fest og ferie er merkeleg og oppsiktsvekkjande av ein statsvitar, både når ein legg til grunn historia og situasjonen mange i Stavanger var i som gjorde at dei emigrerte til USA den gongen, og dessutan verknaden folkeforflyttinga hadde for Stavanger.

– Me vil gjerne rosa dei som har gjort ein kjempejobb med å markera reisa med «Restauration», og gjennomføringa av 200-årsjubileet for utvandringa i 2025. Me må aldri gløyma.

– Fleire av oss var også på bedriftsbesøk med tilknyting til Noreg under reisa. Og nokon var også med på reiselivsarrangement.

– På kva måte gjer ein slik tur at KrF sine representantar gjer ein betra jobb for innbyggarane i Stavanger?

– Utvandringsjubileet var ei stor og viktig markering KrF hadde høve til å vera med på, og valde å bli med på. Utvandring og innvandring er like aktuelt i dag som før i tida. Eit viktig politisk område KrF er oppteken av og har engasjement i både når det gjeld fortid, framtid og notid, seier Egebakken.

– Trur KrF Stavanger at pengebruken på ein slik tur kan svekka tilliten til politikarane?

– Nei. Her brukte KrF noko av midlane andre politiske parti bruker på for eksempel høgare politikarlønningar heller på ei reise i samband med eit historisk og stort jubileum. Me finansierte også reisa med eigendel.

– Har nokon i partiet hatt innvendingar mot turen?

– Nei. Me har informert godt før, undervegs og etter i utvida bystyregruppe. Styret har også blitt haldne orientert.

– Ville Stavanger KrF reist på ein slik tur igjen?

– Å dra ein sjeldan gong i fellesskap på ei reise med eit fagleg eller politisk mål og innhald slik som denne turen var, kan vera positivt og bli vurdert ein annan gong i framtida òg, svarer Egebakken.

– Svekker tilliten

Statsvitaren held likevel fast på kritikken.

Han viser til avisoppslag med tilsette i Stavanger kommune, der dei tilsette til dømes må betala sjølv for kaffien dei får på jobben.

– Desse betaler jo skatt som igjen finansierer gruppestøtta til KrF. Viss du spør dei som jobbar i kommunen og betalar for kaffien sjølv, vil det vel ikkje vera så rart om dei tenker at dette ikkje tar seg godt ut, seier Tuastad.

– Kva gjer saker som dette med tilliten til politikarane?

– Når saker som dette kjem fram, kan dei nok svekka tilliten endå meir. Ting som ikkje ser bra ut kjem i eit kritisk lys, og det er bra for systemet, meiner Tuastad.

Han legg til at stort sett har dette landet tillitsverdige politikarar.

Stavanger KrF forklarer at føremålet med turen var å delta på 200-årsmarkeringa for den norske utvandringa til USA, i tillegg til å vera med og ønska utvandrarskipet «Restauration» velkommen på kaia under markeringa som skjedde der.

Reisegruppa deltok også på ei markering med same tema i Sjømannskyrkja.

Turen blei forankra i bystyregruppa. I Stavanger bystyre har KrF tre faste medlemmer, inkludert varaordførar Henrik Halleland.

– Me som gruppe har ikkje hatt ein studietur i valperioden, så me valde å ta denne turen slik at fleire kunne bli med. Ein studietur i perioden er svært vanleg for fleire parti, seier gruppeleiar Egebakken.

– Eit viktig politisk område

Ho forklarer at fleire av KrF-gruppa på 11 også var på bedriftsbesøk med tilknyting til Noreg under reisa. Nokre deltok også på reiselivsarrangement.

– På kva måte gjer ein slik tur at KrF sine representantar gjer ein betra jobb for innbyggarane i Stavanger?

– Utvandringsjubileet var ei stor og viktig markering KrF hadde høve til å vera med på, og valde å bli med på. Utvandring og innvandring er like aktuelt i dag som før i tida. Eit viktig politisk område KrF er oppteken av og har engasjement i både når det gjeld fortid, framtid og notid, seier Egebakken.

– Trur Stavanger KrF at pengebruken på ein slik tur kan svekka tilliten til politikarane?

– Nei. Her brukte KrF noko av midlane andre politiske parti bruker på for eksempel høgare politikarlønningar, heller på ei reise i samband med eit historisk og stort jubileum. Me finansierte også reisa med eigendel.

– Har nokon i partiet hatt innvendingar mot turen?

– Nei. Me har informert godt før, undervegs og etter i utvida bystyregruppe. Styret har også blitt haldne orientert.

– Ville Stavanger KrF reist på ein slik tur igjen?

– Å dra ein sjeldan gong i fellesskap på ei reise med eit fagleg eller politisk mål og innhald slik som denne turen var, kan vera positivt og bli vurdert ein annan gong i framtida òg, svarer Egebakken.

Therese Egebakken er gruppeleiar for Stavanger KrF.

Vil ha debatt om regelverk

Partilovnemnda skal bidra til openheit om finansieringa av dei politiske partia.

Lova legg til grunn av partia skal ha stor fridom til å forvalta midlar dei får.

Stavanger KrF får offentlege pengar frå Stavanger kommune, slik som andre parti.

– Partia er altså gitt stor fridom til å disponera fritt over midlane dei får, også på kommunalt nivå, seier leiar for Partilovnemnda, Ragna Aarli.

Aarli seier nemnda er sett til å overvaka at regelverket som Stortinget har vedtatt, blir følgd. Det er ikkje deira oppgåve å vakta over partia sin moral, ifølge ho.

– Men partilova er i støypeskeia akkurat nå, og det er all grunn til å ønska velkommen ein offentleg debatt om regelverket for partistøtte i dag kviler på større tillit enn det partia i dag lever opp til.

Ragna Aarli er leiar av Partilovnemnda.

Ifølge forskar Dag Wollebæk ved Institutt for samfunnsforsking, skal det mykje til at KrF-reisa får juridiske konsekvensar.

– Stavanger kommune sine retningslinjer gir stort spelerom og opnar for at pengane blir brukte til aktuelle aktivitetar og tiltak i regi av bystyregruppene. Det er nesten vanskeleg å sjå for seg kva som skulle falla tydeleg utanfor dette, bortsett frå heilt private formål.

– Men korleis smakar dette i ei tid der økonomien i Stavanger og andre kommunar blør, og mange einingar må gjera kraftfulle innsparingar?

– Det er den politiske kostnaden KrF eventuelt må ta. Ikkje alt som er lov å gjera, er klokt å gjera, seier Wollebæk.

🏷️ Extracted Entities (33)

USA (entity) Restauration (entity) Stavanger KrF (organization) Svein Tuastad (person) Therese Egebakken (person) Trur KrF Stavanger (organization) York (entity) Kaizers Orchestra (person) Kommuneøkonomi 📁 (category) Kristelig Folkeparti 📁 (category) Oslo (place) Plussreiser (entity) Politikk 📁 (category) Rogaland 📁 (category) Henrik Halleland (person) Noreg (entity) Partilovnemnda (entity) Sjømannskyrkja (entity) Universitetet (entity) Amerika (entity) Anne Kristin Bruns (person) Dag Wollebæk (person) Ellis Island (person) Ground Zero (person) Institutt (place) Paul Chapel (person) Prislappen for (organization) Ragna Aarli (person) Rogaland (place) SIM (entity) St (entity) Stavanger UiS (organization) Stortinget (entity)

📊 Metadata

Category: Kristelig Folkeparti, Kommuneøkonomi, Rogaland, Politikk
OpenGraph Title: Stavanger KrF brukte 200.000 på USA-tur – statsvitar Svein Tuastad reagerer sterkt
Twitter Title: Stavanger KrF brukte 200.000 på USA-tur – statsvitar Svein Tuastad reagerer sterkt