Herold

Miriam Myhren Bouchleh sprang 100 ultraløp på 100 dagar – no vil ho halde på i 150 dagar til

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-03-27 06:36:41 Last updated: 2026-03-27 20:15:30
Sprang 100 ultraløp på 100 dagar: – Ein umenneskeleg prestasjon

Miriam Myhren Bouchleh (30) har unnagjord nesten 5300 kilometer sidan midten av desember, men ho gir seg ikkje med det.

– Eg har kosa meg, seier Miriam Myhren Bouchleh.

NRK møter ho på ein parkeringsplass i utkanten av Oslo. Ho har akkurat fullført eit vanvitig prosjekt.

I starten av desember pakka ho og kjærasten baggen og drog ned til Gran Canaria. Der starta hennar største løpeprosjekt nokosinne – ho skulle springe 100 ultraløp 100 dagar på rad.

– Det har blitt omtrent 50 km samanhengande løping kvar einaste dag i 100 dagar. Det har blitt ein del kilometer, seier Bouchleh rett etter å ha fullført løp nummer 100.

I SNITT: Bouchleh hadde eit gjennomsnitt på godt over 300 km i veka under prosjektet.

Vant til volumet

Ideen til prosjektet kom av eit ønske om å markere 30-årsdagen på ein eller annan måte. Målet var å nå målstreken i samband med bursdagen i mars.

– Eg har tenkt at ei lita 30-årsgåve til meg sjølv skal vere å kunne gjere noko slikt.

Over 42 km høyrest kanskje mykje ut, men Bouchleh forklarar at det ikkje er langt frå det ho gjer til vanleg.

– Eg sprang jo mykje før prosjektet også. Eg spring jo ofte til jobb, som er 30–45 km, det er ofte at eg berre har lyst til å fortsette å springe.

– Eg trur det er ein kombinasjon av at eg har sprunge ein del, i kvart fall dei fire siste åra. Det gjer at eg liksom dag på dag har blitt vant til det volumet.

Sidan midten av desember har ho sprunge omtrent 5300 km. For å få tid til prosjektet, tok ho delvis permisjon frå jobben i løpebutikk, som løpetrenar og ernæringsfysiolog.

For å kunne halde på i 100 dagar, har ho fokus på å få i seg nok energi.

– Undervegs i løpa har eg alltid med sportsdrikk i den vesle løpevesten. Og så har me mykje smågodt og loff med sjokoladepålegg, forklarar ho og held fram:

– Det handlar om karbohydrat og sukker. Og så ete nok, rett og slett. Grønsaker er sunt, men det handlar om å få i seg nok energi. Det er kjempeviktig. Totalbelastninga krev energi, seier ho.

Gjennom løpeprosjektet har 30-åringen også samla inn over 50 000 kroner til Leger Uten Grenser sitt arbeid mot underernæring hjå barn.

– Ei enorm bragd

– Det er ei enorm bragd. Det Miriam har gjort, er ikkje noko kven som helst kan meistre. Det krev grundige førebuingar og ein kropp som er trent for å tole belastninga over 100 dagar i strekk, seier Magnus Thorud til NRK.

Han driv podkasten Norsk Ultra og kjenner Bouchleh frå då ho besøkte podkasten. Dei to har hatt fleire løpeturar saman, ofte på mellom tre og fire mil.

– Ho spring så lett. Ho har ein enorm iver og er veldig glad i å springe. Det gjer at ho naturleg får mange mil i beina. Ho har ein effektiv stegfrekvens, og ho kosar seg med løpinga. Eg trur det er sjølve nykelen til at ho er så god, fortel Thorud.

ULTRALØPAR: Magnus Thorud (til høgre i kvit overdel) har vore med på ville prosjekt tidlegare. Her var han hjelpar til Simon Holvik under Badwater.

Skal du kaste deg ut på noko liknande må du ha førebudd deg i årevis, ikkje berre månadar.

– Dei fleste som har sprunge maraton, veit korleis det tærer på kroppen. Å springe fem mil kvar dag i 100 dagar krev at ein herdar beina. Ein må dunke kilometer og springe langt og mykje over tid.

– Det meste av denne treninga skjer med låg puls. Det same gjeld sjølve ultraløpa ho har gjennomført. Intensiteten må vere låg og kontrollert. Om ho pressar for hardt, klarer ikkje kroppen å hente seg inn att raskt nok. Då blir belastninga for stor, og det blir umogleg å gjennomføre eit slikt ekstremt prosjekt, seier Thorud.

100 LØP: Bouchleh løp nummer 100.

– Umenneskeleg prestasjon

Prosjektet starta 14. desember på Gran Canaria, der sprang ho kvar dag uansett vêr. Ho var bestemt på å fullføre trass i utfordringar med både vind og sandstorm.

– Eg trur eg brukte ti q-tips for å få ut sand frå både øyra og nasen. Eg trur aldri eg har hatt så mykje sand på kroppen nokon gong, smiler Bouchleh.

Sambuaren, han ho også er trulova med, var med ned til den spanske øya. Han fungerte som ein sparringpartnar og støttespelar, forklarar Bouchleh.

– Han er også glad i å springe. Det å kjenne at ein ikkje er åleine i eit slikt prosjekt, det trur eg er veldig viktig, forklarar ho.

Andreas Lunde Grindstein, som sambuaren heiter, har vore til stades under heile prosjektet. Han enten sykla eller sprunge ved hennar side. Han har også dokumentert, tatt video og bilde. Grindstein blir stadig imponert over sambuaren.

– Eg har lyst å kalle det for ein umenneskeleg prestasjon, men det er openbert ikkje det. Ho har jo fått det til. Men det er nok ikkje mange i verda som får til det her. Eg er ekstremt stolt av at ho har fått det til, og så står det enorm respekt av det, seier Grindstein.

SAMAN: Andreas Lunde Grindstein og Miriam Myhren Bouchleh spring ofte saman.

Vil halde fram: – Byrjar å bli ganske ellevilt

Attende på parkeringsplassen på Ellingsrud. Bouchleh har sprunge sitt 100. ultraløp, og trippar når ho pratar med NRK.

– Eg har ei lita nyheit: Eg skal utvide prosjektet til 250 ultra på 250 dagar, fortel ho mens ho smiler.

Ho held fram:

– Dag 100 er ein stor milepåle, men eg har bestemt meg for å halde fram. Det skal springast eit ultra i morgon òg.

– Det byrjar å bli ganske ellevilt, seier Thorud når han får høyre at prosjektet skal fortsetje.

– Når bør ein stoppe?

– Ein bør ikkje gjere noko forhasta. Med ein gong ein kjenner ein skade eller noko som murrar, må helsa kome fyrst. Så lenge ho klarar å balansere dette utan skadar, er det berre å køyre på, seier Thorud.

Med 100 ultraløp bak seg, ventar nye utfordringar når Bouchleh er heime att i Oslo.

– No skal eg starte opp og jobbe mykje meir. Så totalbelastninga kjem til å bli litt større. Men eg trur absolutt det kjem til å gå fint. Eg må berre tilpasse meg og vere flink til å lytte til kroppen, forklarar Bouchleh.

VIL HALDE FRAM: Bouchleh vil fortsette å springe i 150 dagar til.

Sambuaren har trua på det nye prosjektet.

– Det er klart det er meir utfordrande, men det har altså gått så problemfritt at ein skulle nesten ikkje tru at det gjekk an. Så eg har like stor tru på at ho klarer 150 til som dei 100 første.

🏷️ Extracted Entities (12)

Magnus Thorud (person) Miriam Myhren Bouchleh (person) Andreas Lunde Grindstein (person) Ultraløping 📁 (category) Gran Canaria (person) Oslo (place) Badwater (entity) Ellingsrud (entity) Leger Uten Grenser (person) LØP (entity) Norsk Ultra (organization) Simon Holvik (person)

📊 Metadata

Category: Ultraløping
OpenGraph Title: Miriam Myhren Bouchleh sprang 100 ultraløp på 100 dagar – no vil ho halde på i 150 dagar til
Twitter Title: Miriam Myhren Bouchleh sprang 100 ultraløp på 100 dagar – no vil ho halde på i 150 dagar til