Ein svært dårleg idé
Kuttet i lærarnorma handlar om kor lavt me skal legge lista for borna våre.
Lærarnorma må ikkje fjernast!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
I ei tid der skulefråvær og utanforskap blant unge aukar, foreslår kommunekommisjonen å kutte lærarnorma. Dette meiner me er ein svært dårleg idé, og ei oppskrift på meir utanforskap!
Høgt skulefråvær er eit samfunnsproblem som me må ta på høgste alvor! Det har vore stort fokus på å få fram tal på skulefråvær, også i grunnskulen. Sjølv om fråværstatistikk kan gje oss innsikt, vert tala likevel berre endå ein dokumentasjon på at me såg problemet – og let det halde fram, om det ikkje ligg politisk innsikt og vilje til å endre rammene bak. Kommunane har eit lovpålagt ansvar for å iverksette tiltak frå første fråværsdag. Då må det vere nok både menneskelege og økonomiske ressursar til at skulane og kommunane kan gjere dette på ein forsvarleg måte.
Hovudmålet med lærarnorma er å sikre alle elever tilgang til kvalifiserte lærarar og redusere skilnadar i klasseromma ved å garantere eit minimumsnivå av kvalitet og ressursar over heile landet. Utan lærarnorma er alt opp til den einskilde kommune, og med dagens kommuneøkonomi tyder det større skilnadar mellom kommunar. At ikkje alle kommunar klarer å oppfylle norma er ikkje eit argument for å fjerne den. Sv vil behalde lærarnorma, og krev at den gjeld for den einskilde skule og ikkje berre på kommunenivå.
Møre og Romsdal SV meiner at:
Løysingane krev meir enn gode intensjonar lokalt. Det krev styrka økonomiske overføringar til kommunane, slik at kommunane faktisk har råd til fleire vaksne, mindre grupper og stabile, trygge lag rundt elevane. Det krev også ei reell satsing på psykisk helse i skulen, ikkje prosjektmidlar men varige stillingar og lågterskeltilbod.
Dagens skule er i mange tilfelle for trong for dei mest sårbare. Born treng meistring for å lære og trivast. Det trengs ein skule som er meir praktisk, inkluderande og fleksibel dersom ein skal få elevane tilbake i klasserommet. Tidleg innsats mot ufrivillig skulefråvær krev nok ressursar.
Nok utdanna lærarar og miljørettleiarar i klasserommet er ein viktig føresetnad om vi skal kunne forebygge fråvær og utanforskap. Å fjerne lærarnorma er å gjere både elevar og tilsette i skulen til salderingspostar. Dette er heilt feil medisin, og slik feilmedisinering vil på sikt gje svært mange uheldige seinverknadar.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal