Herold

Tjuvar tømde Arven for 158 kilo sølv til ein verdi av 5,7 millionar

Kilde: NRK Author: Oddleif Løset Published: 2026-03-27 19:42:16 Last updated: 2026-03-27 22:06:08
Her skjer sjokkbrekket ingen kan forklare

Over to netter tømde tjuvane bergensbutikken for 158 kilo sølv. Ingen alarm vart øydelagde eller løyst ut. Og ingen såg tjuvane stikke av med sølv til 5,7 millionar.

Saka oppsummert:

  • Tjuvar stal 158 kilo sølv til ein verdi av 5,7 millionar kroner frå sølvsmeden Arven i Bergen over to netter.
  • Ingen alarmar vart utløyste, og tjuvane opererte i blinde soner utan å bli oppdaga.
  • Fire menn er dømde til fengselsstraff for innbrotet, medan ein femte er sikta for kvitvasking.
  • Sølvet vart klipt opp og banka flatt, men det er uvisst kvar det skulle seljast.
  • Politiet og retten meiner innbrotet var profesjonelt planlagt og gjennomført.
  • Arven har no forsterka sikringa av bygget saman med alarmselskapet sitt.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– Uforståeleg og underleg. Dei har, trur vi, visst veldig mykje om lokala våre, seier direktør Lise Redfern ved gull- og sølvvaresmeden Arven i Bergen

Det nærmar seg fire månadar sidan det oppsiktsvekkjande innbrotet.

To netter på rad tok tjuvar seg inn gjennom den same luka. Utan å bli oppdaga. Utan å utløyse ein alarm – og utan å øydeleggje den.

Medan tjuvane gjorde tjuveria natt til søndag og måndag i starten av november, leigde dei leilegheit i nabolaget.

Tjuveriet vart oppdaga måndag morgon då tilsette kom på jobb .

Banden fekk med seg 158 kilo sølv til ein verdi av nær 5,7 millionar kroner frå den tradisjonsrike sølvsmeden.

Så reiste dei tilbake til Austlandet og vart pågripne etter eit innbrot på Kløfta .

No er fire av seks menn dømde til mellom to år og seks månadar og to år og ni månader fengsel.

Dei må også betale Arven 2,5 millionar kroner i erstatning.

Dommane er ikkje rettskraftige. Ein av dei har anka straffutmålinga.

Ein femte mann var ikkje med på innbrotet, men er sikta for kvitvasking av pengar i saka. Saka mot den sjette mannen blei lagt bort.

Opererte i blinde soner

Mennene tilstod alt då dei vart pågripne, og har samarbeidd med politiet.

Men korleis dei kom seg inn og ut av Arven, utan å løyse ut alarm, hadde dei inga god forklaring på.

Både politi og forsikringsselskap skildrar bygget som svært godt sikra. Det er kamera og alarmar på alle vitale stader.

– Eg skulle inderleg ønske at vi hadde fått vite litt meir om korleis dei har fått informasjon, og korleis dei har klart å gjennomføre dette, seier Lise Redfern ved Arven.

Korleis mennene fekk detaljkunnskap om alarmsystemet, er framleis ei skremmande – og stor gåte for Redfern.

Mennene gjorde grundige og målretta søk på internett.

– Det er uforståeleg for oss korleis dette kan ha blitt planlagt. Dei opererer i soner som er utilgjengelege for alarmsystemet, som ikkje er dekt av alarmsensorar. Korleis kunne dei vite det, spør Redfern.

– Kven sit på slik informasjon?

– Det er jo det vi også undrar oss over.

Politiet: – Mirakuløst

Redfern tykkjer det er svært ubehageleg å tenkje på at nokon har sitte på inngåande, konfidensiell informasjon om korleis bygget deira er bygd opp.

Heller ikkje politiet har klart å kaste særskilt lys over korleis innbrotet kunne gjennomførast utan å bli oppdaga.

– Dei har rett og slett vore utruleg heldige når ingen har lagt seg borti det. I tillegg har dei på mirakuløs måte ikkje løyst ut alarmar, seier politiadvokat Mari Axelsen.

Luka mennene tok seg inn ligg også rett i synsfeltet til to store bygardar.

Men ingen fanga opp aktiviteten.

Etterforskinga har ikkje klart å avdekkje om prestasjonen skuldast ekstrem flaks eller presis planlegging.

– Når vi ser på dette samla sett, so meiner vi at det viser ein viss profesjonalitet, berre det i seg sjølv å kunne gjere innbrot på denne måten, legg Axelsen til om innbrota i Bergen og på Kløfta.

Ei veke etter innbrotet i Bergen, tok tjuvane seg inn eit hol i taket på Romerikssenteret og stal parfyme og kosmetikkartiklar for 700.000 kroner.

Pakka og klart

Redfern rosar politiet for rask, intensiv og god gjennomført etterforsking. Ikkje minst takkar ho sjåarane til TV2-programmet «Åsted Noreg».

Ein britisk-registrert bil vart kopla til innbrotet i Bergen. Vel ei veke rulla bilen over grensa ved Svinesund, og vart kontrollert.

I bilen sat då fire rumenske statsborgarar. Bilen vart også sett i samanheng med innbrotet på Kløfta.

Ei etterlysing gjennom «Åsted Noreg» gav politiet tips som førte dei til Nittedal.

Mennene, som det viste seg hadde rulleblad som dekkja vinningskriminalitet i fleire europeiske land, tilstod begge innbrota. Dei har samarbeidd med politiet.

Sølvet frå Arven var klipt opp, pokalar banka flate og lagt i øskjer. Kvar det skulle er uvisst.

– Dei forklara seg unisont at dei hadde prøvd å få seld det i Noreg, men at det var vanskeleg. Dei hadde og snakka om korleis dei skulle få tjuvegodset vidare, seier Axelsen.

Alle sakene gjekk for Hordaland tingrett som tilståingssaker.

Leverte tilbake tjuvgodset

Både politiet og retten meiner at innbrotet hadde eit profesjonelt preg, med målretta planlegging, rekognosering og avansert framgangsmåte.

Handlingane blir definerte som «mobil vinningskriminalitet».

I Bergen hadde dei ifølgje sine eigne forklaringar ingen konkrete eller realistiske planar for opphaldet. Dei hadde ingen tilknytning frå før, ingen reelle kontaktar, inga finansiering. Føremålet var å skaffa pengar, om nødvendig ved å stjela pengar, eller stjela gjenstandar som kunne seljast for pengar, eller stjela ting til å ta med tilbake til Romania.

Frå rettsavgjerda Hordaland tingrett

– Min klient har tatt områdingstid, og har frist til tysdag med å ta stilling til ankespørsmålet. Det er ikkje naturleg å gi kommentarar til dommen på noverande tidspunkt, seier Bjørn Philipson, som representerer ein av dei som fekk to år og seks månader i fengsel.

Forsvararen til ein av dei andre mennene fortel òg at han angrar på hendinga.

– I tillegg vart alle varene returnerte til eigarane, sjølv om ikkje alle vart returnerte i same stand, seier forsvarar Victor Drosu til NRK.

Betra alarmsystem

I Bergen har Arven gått gjennom heile bygget på ny saman med alarmselskapet sitt for å utbetre både alarmsystem og kameraovervaking.

Redfern meiner dei har sikra bygget så godt som mogleg mot innbrot.

– Bygget var svært godt sikra i utgangspunktet. No har vi i tillegg gått gjennom heile bygget med alarmselskapet og gjort ytterlegare tiltak for å unngå liknande hendingar. Vi veit ikkje kva meir vi kan gjere, seier Redfern.

🏷️ Extracted Entities (19)

Arven (entity) Bergen (entity) Lise Redfern (person) Kløfta (entity) Mari Axelsen (person) Mobile kriminelle 📁 (category) Noreg (entity) Utenlandske kriminelle i Norge 📁 (category) Austlandet (entity) Bjørn Philipson (person) Hordaland (place) KI (entity) Nittedal (place) OpenAI (entity) Romania (entity) Romerikssenteret (entity) Svinesund (place) TV2 (entity) Victor Drosu (person)

📊 Metadata

Category: Utenlandske kriminelle i Norge, Mobile kriminelle
OpenGraph Title: Tjuvar tømde Arven for 158 kilo sølv til ein verdi av 5,7 millionar
Twitter Title: Tjuvar tømde Arven for 158 kilo sølv til ein verdi av 5,7 millionar