Knut Mikkelsen har klasehovudpine – ny UiB-forsking viser at sjukdommen ofte blir mistolka
Ny forsking viser at klasehovudpine ofte vert mistolka på grunn av andre plager som følgjer med.
Saka oppsummert:
- Klasehovudpine, også kalla «sjølvmordshovudpine», er ein ekstremt smertefull sjukdom som ofte vert mistolka på grunn av tilleggsplager som migrene, hjarte/karsjukdomar og psykiske lidingar.
- Ny forsking frå Universitetet i Bergen viser at det tek i snitt fem år å få stilt diagnosen, noko som fører til forseinka behandling.
- Anslagsvis 5000–6000 nordmenn lir av sjukdomen, men mørketala kan vere store, ifølgje Hodepine Norge.
- Effektiv behandling, som oksygen og smertelindrande tiltak, kan bety mykje, men mange pasientar får ikkje god nok oppfølging i helsevesenet.
- Forskarar og pasientorganisasjonar håper auka kunnskap kan føre til raskare diagnosar og betre behandlingstilbod.
- Klasehovudpine kan føre til psykiske lidingar, og pasientar som Knut Mikkelsen fortel om store utfordringar med å leve med sjukdomen.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Det kjem kvar natt. Anfallet som har invalidisert Knut Mikkelsen.
Sjølv skildrar han det som tortur. Så vondt at det er vanskeleg å finne rette ord.
Når han kjenner det er på veg, må han skunde seg å finne fram oksygentanken – det einaste som kan bremse anfallet.
Det startar med ei lita kiling i øyret. Om han ikkje er raskt ute med oksygenet, utviklar det seg til ubeskrivelege smerter, med stort press bak auga.
Men i mange år var det sterke medisinar som skulle få han igjennom dei nattlege timane med pine.
– Eg byrja å få sterke hovudsmerter i 2012. Ein definitiv diagnose på kronisk klasehovudpine fekk eg først i 2024, seier Mikkelsen.
Hva er klasehodepine?
- En sjelden, men plagsom hodepineform. Den gir ekstrem smerte rundt øyet og i tinningen.
- Anfallene kommer som regel i puljer eller «klaser» på ett eller åtte anfall per dag.
- Hvert anfall kan vare mellom 15 minutter og tre timer.
- Anfallene kommer ofte om natten.
- Kan trigges av alkohol, røyking og trening.
- Det er usikkert hvorfor noen får klasehodepine. Det er en endring i samspillet mellom hjerne, nerver og aniktsmuskulatur- og strukturer som utløser smerten.
- Smertene ved klasehodepine er på toppen av smerteskalaen og blant de verste man kan oppleve ved sykdom.
- Den kroniske sykdommen kan gi suicidale tanker og handlinger, spesielt under anfall.
- Sykdommen rammer flest menn, men kvinner rammes hardere. Det er arvelig.
- Det er to varianter av klasehodepine: Episodisk og kronisk. Episodisk opptrer til enkelte tider på året, ofte vår og høst. Den kroniske varianter pågår uavbrutt gjennom året.
Kilde:Andrej Netland Khanevski, NHI, Store Norske Leksikon, Hodepine Norge
Fem år å få diagnose
Klasehovudpine har og tilnamnet «sjølvmordshovudpine». Så sterke er smertene.
Likevel kan det vere vanskeleg å få stilt diagnosen. Det tek i snitt fem år.
Ny forsking frå Universitetet i Bergen viser at menneske med klasehovudpine langt oftare enn andre har alvorlege lidingar som migrene, hjarte/karsjukdomar og psykiske lidingar.
Desse lidingane kan kamuflere at klasehovudpina er det største problemet.
– Vi håper desse funna kan auke kunnskapen om sjukdomen, og få ned tida for å få ein diagnose. Då kan dei personane det gjeld få effektiv hjelp raskare, seier Even Naveen Møen.
Møen er førsteforfattar av artikkelen som nyleg er publisert internasjonalt, og stipendiat ved UiB.
Han seier det er vanskeleg å konkludere med om det er klasehovudpina som fører til alle tilleggsdiagnosane.
– Det vil nok variere frå sjukdom til sjukdom. Belastninga av klasehovudpine kan nok føre til psykiske lidingar, for eksempel, seier Møen.
Einar Naveen Møen er førsteforfattar på forskingsartikkelen. Studia Norreach2 er eit samarbeid mellom UiB, NorHead- norsk senter for hodepineforsking og nevrologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.
Truleg store mørketal
Anslaget er at mellom 5000 og 6000 nordmenn lir av klasehovudpine. Kring kvar tiande av desse har den kroniske varianten med særs hyppige anfall.
Men forskinga viser at mørketala kan vere høge, meiner organisasjonen Hodepine Norge.
Dei meiner denne pasientgruppa får for dårleg oppfølging i helsevesenet i dag.
– Dei lir forferdeleg. Du kan tenke deg korleis det er å då ikkje ha ei god behandling. Det er konsekvensen av å ikkje ha ein riktig diagnose, seier Laila Bratterud Mathisen, generalsekretær i Hodepine Norge.
Mathisen seier at dei har foreslått at desse pasientane får eit pasientforløp. Det kan gje ei meir heilskapleg behandling med betre oppfølging.
Laila Bratterud Mathisen er generalsekretær i Hodepine Norge.
Knut Mikkelsen seier at sjukdomen er vanskeleg å leve med.
– Det er klart eg har slite med depresjon. Av og til ønsker eg jo berre å komme meg vekk frå smertene, seier den tidlegare IT-teknikkaren på sjukehuset i Førde.
Men han er trass alt glad for at han har fått ei behandling som fungerer smertelindrande. Det var ein lang veg dit.
Knut Mikkelsen skildrar åtaka av kronisk klasehovudpine som tortur.