Herold

Sa opp jobben og bygde sju badstuer på to år

Kilde: NRK Author: Espen Bierud Published: 2026-03-28 07:04:41
Sa opp jobben og bygde sju badstuer på to år

Nordmenn har fått dilla på damp – og betaler gladeleg for å sveitte. Martine Holth Rønneseth såg ei moglegheit og satsa alt.

Saka oppsummert:

  • Badstuer og isbading har blitt ein veksande trend i Noreg, med aukande popularitet blant folk.
  • Martine Holth Rønneseth er ein av mange gründerar som har satsa på badstuer og opplevd stor suksess.
  • Noregs Badstulaug har over 200 medlemmer som driv meir enn 1000 offentlege badstuer, med over to millionar besøk årleg.
  • Ei undersøking viser at berre 2 % av nordmenn bruker badstue kvar veke, men mange ønsker å bruke det meir viss tilgjengelegheita og prisane blir forbetra.
  • Oslo Badstuforening er ein leiande aktør i bransjen, med 54 tilsette, 29 badstuer og ei årleg omsetning på 60 millionar kroner.
  • Sosiale medium, spesielt Instagram, har bidratt til å auke interessa for badstuer som ein sosial og helsebringande aktivitet.

– Det er berre ei grad i vatnet, seier Betty Berntsen med litt skjelvande stemme.

Tommelen i vêret.

Badstua på kaikanten i Lillesand er nesten heilt ny.

Nina og Betty er ein del av det som må kunne kallast ei folkerørsle.

Stadig fleire nordmenn tar badstue – ofte kombinert med isbading.

Knallhard jobbing

Det er tidleg morgon og badstue-gründer Martine Holth Rønneseth gjer klar til nye badegjester.

– Eg såg ei moglegheit, sa opp jobben og satsa alt.

Martine Holth Rønneseth starta opp Smeigedag Sauna i Kristiansand for to år sidan.

I mange år jobba ho i det private næringslivet som konsulent og revisor.

For to år sidan bestemte ho seg for å drive med badstuer på heiltid.

– Det har vore knallhard jobbing. No har vi sju badstuer på Sørlandet og eit selskap der både eg og mannen min kan ta ut lønn. Det har gått fort.

Ho viser stolt fram eit moderne, lite bygg.

Bystranda i Kristiansand var draumetomta. Nå har ho ikkje éi, men to badstuer her.

Selskapet driftar også badstuer i Mandal, Birkenes, Dvergsnes, Vennesla og Lillesand.

På bystranda i Kristiansand ligg ei av badstuene til Smeigedag.

Badstue-feber

Generalsekretær Stig Arild Pettersen i Noregs Badstulaug er kanskje han i landet med best oversikt over den dampande utviklinga.

– Det finst mange badstuer vi ikkje har oversikt over, men vi har over 200 badstueoperatørar som er medlemmer av Noregs Badstulaug, seier han om utbreiinga i Noreg.

Stig Arild Pettersen, generalsekretær, Noregs Badstulaug

Til saman driv medlemmene i lauget meir enn tusen offentlege badstuer.

Og Pettersen får kvar veke førespurnader frå nye aktørar som vil kaste seg på trenden.

– Totalt har nok badstuene til medlemmene våre mellom to til tre millionar besøk kvart år. Men nye tal fortel oss at folk vil ha meir, seier han.

Ei heilt fersk spørjeundersøking har tatt tempen på nordmenn sine badstuevanar.

  • Undersøkinga seier blant anna at to prosent av nordmenn tar badstue minst ein gong i veka.
  • Nesten ein av tre nordmenn seier dei gjerne skulle hatt eit tilbod nærare der dei bur.

Hovudfunn i undersøkinga:

Spørjeundersøkinga gjennomført av Opinion på oppdrag av Noregs Badstulaug, Oslo Badstuforening, The Well.

Eit representativt utval på 1005 respondentar har svart i perioden i januar 2026.

Dette kjem fram:

  • 9 % av den norske befolkninga tar badstue éin gong i månaden eller oftare.
  • 2 % tar det minst éin gong i veka.
  • 29 % oppgir mangel på tilbod i nærleiken av der dei bur (15 %) eller at det er for dyrt (14 %) som viktigaste grunn til at dei ikkje tar badstue oftare.

Pettersen trur derfor på vidare vekst for ein bransje i medvind.

– Det er jo berre eit par prosent av den norske befolkninga som går i badstua ein gong i veka eller oftare, mens mange ønsker eit betre tilbod nærare der dei bur.

Badstua Soria Moria i Telemark har blitt vist ofte i sosiale medium.

Han peikar også på sosiale medium som ein viktig del av den auka populariteten.

– Ja, særleg Instagram var nok ein viktig grunn til at badstuetrenden tok av. Folk liker å vise fram at dei er aktive, at dei er friske, og at dei er ute i naturen.

Kraftig vekst

Martine Holth Rønneseth i Kristiansand er ein av mange badstue-gründerar om dagen.

I to år har ho bygd stein på stein og komme langt på veg.

– I fjor hadde vi 25.000 besøkande. Vi trur det er realistisk å doble dette på relativt kort sikt. Vi har jo nesten dobla talet på badstuer det siste halve året, seier ho.

Martine Holth Rønneseth opna badstue på bystranda i Kristiansand i desember 2025.

I hovudstaden finn vi lokomotivet i den nye bransjen. Oslo Badstuforening starta så smått i 2016.

Ti år seinare har dei 54 tilsette, 29 badstuer og ei omsetning på 60 millionar kroner.

Besøkstalet har runda 300.000 menneske per år.

Oslo Badstuforening, Sukkerbiten

Sjefen her er Ragna Marie Fjeld. Ho trekker fram fleire årsaker til at den veksande interessa.

– Det norske klimaet gjer at vi treng varmen og mange snakkar om at dei treng ein pause frå det digitale. Stadig fleire bur også aleine, og da blir badstua kanskje den fysiske og trygge møteplassen folk treng, seier ho.

Ragna Marie Fjeld, generalsekretær i Oslo Badstuforening.

– Heilt herleg

Betty Berntsen og Nina Jevdeli har vore i den nye badstua i Lillesand mange gonger sidan opninga.

Etter ein times tid i varmen, er dei «halvkokt» og treng litt nedkjøling.

– Eg skjønner godt at badstuetrenden har tatt av. Det er heilt herleg og gir meg ei ro, seier Nina.

Betty ler og seier dei kanskje må forte seg litt med å nytte tilbodet.

– Vi må bruke badstua mykje nå før folk oppdagar henne.

Betty Berntsen i badstue i Lillesand.

Ny million-industri

Det finst ikkje offisielle tal på kor mykje badstuene i Noreg omset for.

Norsk Badstulaug har mange av aktørane i landet som medlemmer. Totalt har desse mellom to og tre millionar besøk i året, ifølge eigne tal.

NRK har sjekka prisane hos fleire store aktørar. Prisane varierer stort, etter om ein er medlem eller ikkje, vil ha privat badstue og så vidare.

Mange har ein pris på 200 kroner per person per besøk.

Dermed kan eit overslag som NRK har gjort, tyde på at dei organiserte operatørane aleine omset for opp mot 400 millionar kroner i året.

Då har vi ikkje rekna med badstue-tenester på tradisjonelle hotell, svømmehallar, private badstuer eller uorganiserte badstuer.

– Det er fullt mogleg å tene gode pengar på badstue nå. Vi oppfordrar jo operatørar til å ikkje å tenke på pengar først. Badstuekultur, fellesskap og lokalsamfunnsutvikling er det viktigaste for oss, seier Stig Arild Pettersen.

Stig Arild Pettersen, generalsekretær i Noregs Badstulaug

🏷️ Extracted Entities (24)

Kristiansand (place) Martine Holth Rønneseth (person) Noregs Badstulaug (person) Oslo Badstuforening (person) Stig Arild Pettersen (person) Betty Berntsen (person) Lillesand (place) Agder 📁 (category) Helse 📁 (category) Noreg (entity) Instagram (entity) Nina Jevdeli (person) Ragna Marie Fjeld (person) Smeigedag Sauna (person) Badstua Soria Moria (person) Birkenes (place) Dvergsnes (place) Mandal (place) Opinion (entity) Sukkerbiten (entity) Sørlandet (entity) Telemark (place) Vennesla (entity) Well (entity)

📊 Metadata

Category: Agder, Helse