Herold

Solid hopp opp for Lerum – omsette for nærare ein milliard kroner

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Eli Grotle Published: 2026-03-26 18:02:19
Solid hopp opp for Lerum – omsette for nærare ein milliard kroner

Forbetra resultatet med mange millionar.

«Lerum legg bak seg eit år prega av vekst, effektivisering og sterke marknadsposisjonar. Selskapet oppnådde ei omsetningsvekst på 7,9 prosent i 2025, og ein total årsomsetning på 938 millionar kroner», skriv verksemda i ei pressemelding.

Driftsresultatet før avskrivingar enda på 104,6 millionar kroner. Resultat før skatt vart 75,9 millionar kroner, mot 68,9 millionar kroner året før.

– Gjennom 2025 har me halde fram med fokus på effektivisering og gode prosessar. Saman med ein god marknadsposisjon, gode kunderelasjonar og dyktige tilsette har dette bidrege til eit godt resultat som gjer det mogleg å halda fram med berekraftig verdiskaping og investeringar for vidare vekst, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

Styrkja posisjon

Lerum leverer saft, syltetøy og andre frukt- og bærprodukt til daglegvare-, storhushaldnings- og industrimarknaden.

I pressemeldinga vert det trekt fram at 2025 var eit særleg godt år for merkevara ZERoh!, og at resultatforbetringa kjem frå god utvikling i alle forretningsområde og fokus på verdikjedeeffektivisering.

Redusert straumforbruk, produksjon frå eige solcelleanlegg er noko av det som har gitt resultat.

Noko av fortenesta går ut att til samfunnet gjennom Lerumfondet. I 2025 vart over 4 millionar kroner delt ut til lag og organisasjonar i Sogn og potten aukar ytterlegare i 2026.

🏷️ Extracted Entities (5)

Lerum (entity) Lerumfondet (entity) Sogn (entity) Trine Lerum Hjellhaug (person) ZERoh (entity)