Rykkjer ut til røykutvikling i einebustad
Plus
Klokka 19.40 torsdag kveld melder 110 Vest at brannvesenet i Vik rykkjer ut etter at det er meldt om røykutvikling frå eit kjøken i ein einebustad i Feios.
– Bebuarane prøvde å sløkkja sjølv, men det var mykje røyk så dei måtte ut, seier vaktleiar Tore Fanebust.
Når Sogn Avis er på telefonen er ikkje brannvesenet framme på staden. Fanebust kan difor ikkje seia noko om brannen er sløkt.
– Dei to som bur der, pluss ein som kom til, er ute av huset. Politi og ambulanse er også sendt til staden, seier Fanebust.
Klokka 20.13 vart det meldt om foreløbig kontroll på staden.
Operasjonsleiar Børre Brekkvassmo i Vest politidistrikt melder at det var fyr på kjøkkenet og at brannvesenet har hatt røykdykkarar inne.
🏷️ Extracted Entities (5)
Tore Fanebust
(person)
Vest
(entity)
Børre Brekkvassmo
(person)
Feios
(entity)
Vik
(place)