Uvêr på veg: – Vått og vindfullt
Plus
Vêret blir berre verre og verre utover dagen – og det varer gjennom natta og til neste ettermiddag.
Ja, faktisk kjem det så mykje regn at Meteorologisk institutt meiner det er fare for flaum.
Me er endeleg komne til desember, og det blir markert med haustvêr av den sure sorten.
«Desember starter mildt, vått og vindfullt i Sør-Norge», skriv Meteorologane på si eiga meldingsteneste.
I løpet av ettermiddagen måndag skal det begynna å høljeregna, samtidig som vinden aukar på.
Ved 14-tida går det frå frisk bris til liten kuling, før det frå 18-tida går vidare frå liten kuling til stiv kuling. Slik held det fram utover kvelden.
Natta til tysdag held regnvêret fram, saman med sterke vindkast på 22 til 25 meter i sekundet.
Vannføringa vil auke i mindre bekker og elver i løpet av natta, åtvarar Meteorologisk institutt.
Ikkje før tysdag ettermiddag løyer det.
Det er for øvrig ikkje utsikter til noko anna enn grått vêr resten av veka heller, men det skal ikkje regne like mykje. Det er då noko.