Lastebil utfor vegen i Bremanger
Plus
Lastebilen er no sikra. Politiet opprettar ikkje sak.
Ein tankbil køyrde av vegen ved Olderøy bru i Bremanger kommune føremiddag torsdag.
Klokka 11.21 melde 110 Vest om hendinga. Tankbilen hadde då køyrt ut på eit jorde i eit industriområde, og velta slik at han vart liggande opp ned.
– Den ligg noko utrygt til, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Frykta utslepp til elv
Rett før klokka 12.00 opplyste politiet at det vart jobba med å sikre tankbilen.
Samtidig vart det lagt ut lenser ved elvemunninga i området for å samle opp diesel som hadde lekk ut frå bilen.
Tankbilen var lasta med 18 tonn gylle, i tillegg til diesel og olje på sjølve køyretøyet.
– Vi vil gjere nokre grep med å få sikra tankbilen slik at den ikkje fell vidare ut i ei elv, sa Kolltveit.
Sikra etter ein time
Klokka 12.20 kom det ny oppdatering frå politiet: Tankbilen var då sikra.
Eigar og førar stod sjølve for berginga, og køyretøyet var ikkje til hinder for trafikken.
Politiet avslutta arbeidet på staden, og det blir ikkje oppretta sak.
Det var berre éin person involvert.