Herold

Fire dagar før fristen gjekk det i boks – no er denne karen klar for Sogndal

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Endre Romøren Published: 2026-03-27 12:20:01
Fire dagar før fristen gjekk det i boks – no er denne karen klar for Sogndal

Det blir auka konkurranse om den eine plassen på bana.

Den polske keeperen Kacper Bieszczad (23) er klar for Sogndal. Han har skrive under på ein kontrakt gjeldande ut 2026-sesongen.

Han var på eit ti dagar langt prøvespel på Fosshaugane tidlegare i oppkøyringa, der han også spelte treningskampen mot Stabæk på Nadderud.

– Eg er veldig glad for å bli ein del av denne klubben. Då eg var her på prøvespel, blei eg verkeleg imponert over fasilitetane og organisasjonen. Eg trur dette er ein god stad for meg å halda fram utviklinga mi, seier burvaktaren til Sogndal Fotball sine nettsider.

Bieszczad er 192 centimeter høg, har kampar fire kampar for U21-landslaget til Polen, og har spelt på toppnivå i heimlandet for klubbane Zaglebie Lubin og Raków Częstochowa.

Han var sist registrert hjå FC Vizela på nivå to i Portugal, men har stått utan klubb den siste tida.

– Godt inntrykk

– Det kan dukka opp situasjonar som denne, der spelarar ikkje har fått så mykje speletid på ei stund. Då kan det vera bra for oss å ta ein nærare sjekk, slik me gjorde med Fabio (Sturgeon) og Atli (Barkarson). Me prøver å sjå etter spelarar som har hamna i slike situasjonar, for då dukkar det kanskje opp moglegheiter for å henta, sa trenar Luis Pimenta då me omtala prøvespelet til Bieszczad tidleg i mars.

Han blei overtydd om å satsa på polakken etter dette.

– Han var her i ti dagar og blei kjent med rutinane våre, prosessane og folka i klubben. Eit prøvespel handlar om meir enn berre det sportslege nivået på bana. Det handlar òg om å bli kjent med personen. Me fekk eit veldig godt inntrykk av Kacper, seier Pimenta.

– Eg er den første til å innrømma det viss eg ikkje leverer godt nok. Då er det berre å strekka armane i vêret

Trenaren legg til at 23-åringen spelte ein god kamp mot Stabæk, der han presterte godt både i den offensive og defensive delen av spelet.

Éin av fire

Bieszczad går dermed inn i keeperteamet saman med Lars Jendal, Daniel Sætren og Ard Ragnar Sundal.

I intervjuet på klubbens nettsider fortel han meir om seg sjølv:

– Eg kjem frå ei lita bygd sør i Polen. Som person er eg open, snill og ikkje spesielt sjenert. No handlar det først og fremst om å trena fast med laget og koma inn i kamprytmen att. Haldninga mi er å hjelpa laget med å nå måla me har sett oss for sesongen. Eg håpar å utvikla meg vidare her.

Dette er den andre signeringa Sogndal gjer den siste tida, då Elias Flo (17) også skreiv under på sin første proffkontrakt nyleg.

Sjekk den superveka for Elias (17): – Det kjennest veldig bra

Overgangsvindauget i norsk fotball stengjer ved midnatt tysdag 31. mars.

🏷️ Extracted Entities (18)

Sogndal Fotball sine nettsider (organization) Kacper Bieszczad (person) Elias Flo (person) Luis Pimenta (person) Polen (entity) Stabæk (entity) Ard Ragnar Sundal (person) Atli Barkarson (person) Daniel Sætren (person) FC Vizela (organization) Fabio Sturgeon (person) Fosshaugane (entity) Lars Jendal (person) Nadderud (entity) Portugal (entity) Raków Częstochowa (person) U21 (entity) Zaglebie Lubin (person)