Herold

Oppdrett i Bruravik – delta i debatten

Plus
Kilde: HF Author: Jenny Wright Johnsen, Ulvik Published: 2025-12-01 09:03:43
Oppdrett i Bruravik – delta i debatten

Kva er det som gjer Bruravik ønskt som prøvefelt for den nye teknologien?

Klaus Rasmussen i Naturvernforbundet stiller gode spørsmål i Hardanger Folkeblad. Jens Olav Holven, ordførar i Ulvik, svarar ei veke etterpå, men ikkje på alt. Fylgjande står att å svara på: Kvar blei det av den prinsipielle debatten om Ulvik vil eller ikkje vil tillata oppdrett i vår del av fjorden?

Ettersom Ålvik har vore grensa for oppdrett i Hardangerfjorden i lang tid, utgjer planane i Bruravik eit heilt klart skifte. Dette må me snakka om og den samtalen må bygda inviterast med på. Holven syner til at planarbeidet er offentleg og tilgjengeleg. Likevel verkar det rart at eit så stort spørsmål ikkje skal løftast fram i større grad. Dette er mat for eit folkemøte.

Ordføraren skriv: «Kanskje ny teknologi i Bruravik kan bidra til å sette standarden for alle anlegga i fjorden i tida som kjem.» Det er på høg tid at oppdrettsnæringa testar ut ny teknologi som kan redusera miljøbelastninga og betra velferda til fisken. Spørsmålet er om denne utprøvinga skal skje så langt inne i det sårbare fjordbassenget. Me bør stilla oss spørsmåla: Kva er det som gjer Bruravik ønskt som prøvefelt for den nye teknologien? Og, kva slags naboar er me dersom me tillét oppdrett utan å avklara med dei andre kommunane først? Fjorden er ein ålmenning som må forvaltast i fellesskap. Difor er det naturleg at ein interkommunal forvaltingsplan kjem før Ulvik eventuelt tillét oppdrett i Bruravik. Dette poenget vert stadfesta i uttaleforslaget som skal til politisk handsaming i Voss herad 3. desember (Høyringsuttale frå Voss herad til detaljregulering for Bruravik næringsområde).

Ordføraren skriv også at «eit lukka oppdrettsanlegg i sjø med tilhøyrande teknologi, kan sidestillast med eit anlegg på land.» Anlegg på land og lukka anlegg i sjø er ikkje utan miljøpåverknad – så enkelt er det ikkje. Statsforvaltaren skriv i artikkelen «Reinseeffektar i akvakulturanlegg» at filtrering som reinsemetode gjev ein gjennomsnittleg reduksjon i utslepp av nitrogen på 11,4 % samanlikna med oppdrettsanlegg utan reinsing. Det betyr at svært store mengder nitrogen framleis vil gå rett ut i fjorden, med alle dei negative konsekvensane det får med omsyn til overgjødsling av Hardangerfjorden.

  1. desember er fristen for å senda inn høyringsinnspel til reguleringsplanen for sjøområdet utanfor Bruravik. Viss nokon brenn inne med tankar om oppdrett i Bruravik, er tida komen for å skriva dei ut.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE HF PLUS
Oppdrett i Bruravik – delta i debatten
Jenny Wright Johnsen, Ulvik · 2025-12-01 09:03:43
Kva er det som gjer Bruravik ønskt som prøvefelt for den nye teknologien?
Oppdrett i Bruravik – delta i debatten
Jenny Wright Johnsen, Ulvik · 2025-12-02 12:09:44