Sander (16) i storslag for nytt lag: – Ekstra gøy
Plus
Sander Aasen-Pedersen kom i fokus då Trio sitt andrelag sparka i gang sesongen i Haugesund.
16-åringen frå Husnes varta nemleg opp med hattrick då Trio sesongopna borte mot Vard Haugesund 3 tysdag kveld. Ein kamp kor raudtrøyene til Elias Sætrevik og Noah Smith fekk prøva seg på 9-arfotball, etter gamalt.
– Det var ein god kamp, og ekstra gøy å scora tre mål. Det var litt uvant å spela 9-arfotball i første seriekamp, men vi tok kontroll over kampen og styrte eigentleg frå start til slutt, seier Aasen-Pedersen.
Fakta: Vard Haugesund 3 0–5 Trio 2
Det unge Trio-laget viste ingen teikn til svakheit og valsa over vertane frå Haugesund. Trio vann til slutt 5–0 i serieopninga.
– Laget består mest av juniorspelarar, så vi er ein gjeng som har spelt mykje saman, forklarer Aasen-Pedersen.
Noah og Elias får ansvaret: – Ein moglegheit vi måtte ta
Under ser du kva tid dei andre lokale seniorlaga sparkar i gang sesongen: