Har to nye artistar klare: – Sjeldnare å finna enn diamantar
Plus
Daidalos Dahle kan føra to nye namn opp på Festidalen-plakaten.
I ei pressemelding frå Festidalen offentleggjer dei to nye namn til sommarens festival på Dønhaug.
Det første er SULT, eit band som består av fem unge kameratar som har spelt saman sidan barndomen.
– Det er så godt å sjå at dei aller yngste tar arva frå klassisk rock på alvor. Folk har jo bekymra seg for at nesten ein heil sjanger snart går av med pensjon med Dumdum og CC Cowboys. Men dei kan pusta letta ut. Tekstar på norsk, inspirasjon frå USA og sjarm frå himmelen.
Slik omtalar bookingsjef Daidalos bandet frå hovudstaden.
– Eg såg to konsertar med dei i Trondheim i januar. Det var to rundar i ringen SULT vann på knockout, då dei banka liv i eit normalt sett iskaldt bransjepublikum, seier Daidalos i pressemeldinga.
Neste artist ut er RABO frå Oslo. Ho var faktisk den første artisten Festidalen landa til årets festival, då dei sikra seg ho for eit år sidan.
– Ho er per dags dato Norge sitt største musikktalent. Ho er den einaste ikkje-amerikanske artisten i verda som er signert av Disney. Og grunnen er rett og slett at slike rå talent er sjeldnare å finna enn diamantar. Og no får me altså nyta denne glitrande sjela på scena vår, uttalar Daidalos.