Herold

Orstad og Frøyland er på mange måtar allereie éi bygd. Ja til felles ungdomsskule

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Anders Ueland Waldeland, far og innbygger, Orstad Published: 2026-03-27 09:32:43
Orstad og Frøyland er på mange måtar allereie éi bygd. Ja til felles ungdomsskule

No er det tid for å gjennomføra den lenge etterlengta oppussinga av Orstad skule.

Då Klepp kommune sendte ulike alternativ på høyring i 2024, handla eit av dei om å halda på dagens 1–10-skule, medan eit anna var å skilja ut ungdomstrinnet og samarbeida med Time om ein felles ungdomsskule på Frøyland.

Det vart vedteke å setja av pengar til oppussing av skulen med dagens 1–10-struktur. No viser det seg at kostnadane er større enn forventa, og at det berre er midlar til å pussa opp skulen for 1.–7. trinn. Difor er saka på nytt ute til høyring. Eitt av forslaga er å flytta ungdomstrinnet på Orstad til Klepp og skyssa om lag 100 elevar med buss dit.

Som far til tre barn som etter kvart skal gå på Orstad skule, og som innbyggjar på Frøyland og Orstad i til saman 30 år, meiner eg at samarbeid med Time kommune om felles ungdomsskule er det klart beste alternativet.

Time er positiv til ny skulesamanslåing med Klepp

Det vil vera mykje betre enn å senda elevane med buss til Klepp, men også betre enn å halda på dagens 1–10-skule.

Eg vil trekkja fram to grunnar: storleik på trinna og fellesskap i Frøyland-Orstad-bygda.

Kullet som startar i første klasse på Orstad skule no til hausten, tel 36 elevar.

Dette er ein fin, oversiktleg og trygg storleik på eit kull med 6-åringar. Men å gå i lag med berre 36 elevar gjennom ti år er lenge. Det sosiale mønsteret kan fort bli fastlåst, og om ein til dømes er den eine som ikkje speler fotball eller ikkje finn seg heilt til rette med vennegrupperingane, kan ti år væra lenge.

Å slå saman kulla på ungdomsskulen vil kunna skapa nye vennskap, både for dei som har funne seg til rette, og dei som ikkje har det.

Kommunetoppane besøkte åttande klasse

På Time-sida tel det same kullet om lag 50 elevar. Det betyr at to forholdsvis like kull kan slåast saman ved starten av ungdomsskulen. Høyringa som Time gjennomførte, syner at dette blir oppfatta som positivt, nettopp fordi det utvidar det sosiale miljøet når elevane går inn i ungdomsskulen.

Orstad og Frøyland er på mange måtar allereie éi bygd. Geografisk er busetnadane heilt samanvaksne, og ein må bruke kart for å finne ut kor kommunegrensa går.

Bygda har felles kyrkje med eit stort arbeid for barn og unge. Speidaren, BMX og bogeskyting er døme på andre fritidsaktivitetar på tvers. Sjølv om idrettslaga (enno) ikkje har funne saman, endar ofte ungane opp på same lag etter kvart som det blir færre deltakara når dei vert eldre.

Blir elevane kjende med kvarandre på ein felles ungdomsskule, blir det også lettare å delta i fritidsaktivitetar på tvers av kommunegrensa. Det vil gje eit godt grunnlag for eit endå breiare aktivitetstilbod og vera positivt for lag og organisasjonsliv i bygda.

Elevane vil ikkje flytte – onsdag tok dei grep

Samanlikna med å senda elevane til Klepp ungdomsskule, kjem Frøyland-alternativet svært godt ut. Det har stor verdi å halda ungdomsskulen i nærmiljøet og la elevane kunna sykla til skulen, til vener og til fritidsaktivitetar. Det gjer det også lettare for foreldra å følgja med på kva som skjer i ungdomsmiljøet og å vera involverte i kvardagen deira.

Time kommune vart i februar spurd om sitt syn på saka, og svaret var tydeleg positivt. Dei melder at dei ønskjer samarbeid og har plass til elevane. Løysinga er å nytta rom i Kvernhallen og i den eksisterande ungdomsskulen. Kostnaden for Klepp vil i hovedsak være driftskostnader dei ville hatt uansett. Time skriv òg at dei kan vera klare til å ta imot elevar alt frå hausten 2027, samstundes som Klepp planlegg å starta oppussinga. Då kan elevane frå Orstad byrja direkte på Frøyland ungdomsskule, utan å måtta plasserast mellombels på andre skular i byggeperioden. Det krev politisk behandling i Time, men mykje tyder på at det finst vilje til dette.

Når det no endeleg er tid for å renovera Orstad skule, er det nesten 50 år sidan han blei bygd i 1979. Det som blir vedteke no, vil få betydning for fleire generasjonar barn og unge på Orstad og Frøyland. Difor bør me velja den løysinga som best styrker både skulekvardagen for ungane, nærmiljøet og fellesskapen i bygda: felles ungdomsskule for Orstad og Frøyland.

🏷️ Extracted Entities (7)

Frøyland (place) Klepp (entity) Orstad (place) Time (entity) BMX (entity) Frøyland-Orstad (place) Kvernhallen (entity)