Herold

Forseinkingar i togtrafikken

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-03-27 06:44:16
Forseinkingar i togtrafikken

Fredag morgon køyrde toga med redusert fart mellom Trengereid og Arna.

– Årsaka er ein sporfeil. Bane Nor jobbar på sporet for å retta opp i feilen, stod det på Vy si nettside.

Pressekontakt i Bane Nor, Olav Nordli, sa til BA at spora opna litt før klokka 07, men at feilen ikkje var retta opp endå.

– Toga køyrer saktare. Du må rekna med forseinkingar, og at nokon tog kan bli innstilte, opplyste Vy.

Pressekontakt i Vy, Jorunn Wold, seier Bane Nor reknar med å vera ferdige i sporet om 30 minutt, altså like før 10:30.

Smartembed for https://rtd.banenor.no/web_client/std?station=VOS&layout=portrait&content=departure¬ice=yes&header=no&page=

🏷️ Extracted Entities (7)

Bane Nor (person) Vy (entity) Arna (entity) BA (entity) Jorunn Wold (person) Olav Nordli (person) Trengereid (entity)