– Sjokkert over kva som skjer i sosiale medium
Bak skulekrigen i Innlandet skjulte det seg mystiske bakmenn. Ein ny podkast frå GD tek opp jakta på dei.
Oppsummering 'Kort oppsummert'
– Dette er noko av det mest spennande eg har jobba med!
Det seier GD-journalist Svenn Arne Lie frå Tretten. Han har vore journalist i snart ti år til saman.
– Eg er sjokkert av kva som skjer i sosiale medium.
I over eitt år har det blitt jobba med podkasten som GD no kan lansere saman med Faktisk. Her tek vi opp jakta på mystiske bakmenn som opererte i skuggane av den store skulesaka i Innlandet.
Her kan du høre episoden på Apple podcast eller Spotify
Finst ikkje i noko register
GD dekka den store saka i Innlandet tett gjennom heile 2024. Undervegs kom vi over ei Facebook-gruppe som på kort tid fekk veldig mange medlemmar. Den var ei protestside mot nedleggingane.
– Vi syntest det var interessant at dei som stod bak ikkje var lokale, og at dei var så engasjert i ei lokal sak.
Lie fortel at det var fleire journalistar i GD som jobba med saka, og prøvde å kome i kontakt med dei to som oppretta gruppa:
Geir H. Frydenlund og Jan Pedersen.
– Men det var personar vi ikkje greidde å finne nokon anna stad enn på Facebook. Vi finn dei ikkje i noko folkeregister, eller i nokon telefonkatalog, eller i nokon annan samanheng. Og einaste måten å kontakte dei på er via Messenger.
Skulle vi legge saka død?
– Vi ville treffe dei, og ta bilete. Men dei hadde alltid unnskyldningar for at det ikkje gjekk.
GD intervjua dei på Messenger, og lagde sak om gruppa.
– Men så vart vi veldig mistenksame til kva dette var for noko. Då hadde vi i GD to val: anten legge saka død. Eller undersøke djupare. Og det var då Silje og Faktisk kom inn i biletet.
For GD har gått i eit unikt samarbeid med Noregs store faktasjekk-redaksjon.
Dette er Faktisk
– Vi blei veldig nysgjerrige på kva dette kunne vere, seier Silje Førsund, journalist og fagansvarleg for verifisering i Faktisk.
– Kva er det som gjer at nokon opprettar ei politisk gruppe, men vel å halde identiteten sin skjult?
Det er desse to som er podkastvertane som tek oss gjennom jakta på dei mystiske bakmennene.
Prorussiske profilar
Ho fortel at gruppa stadig endra seg.
– I starten var det jo mykje innlegg om skulesaka. Men etter kvart vart det mykje storpolitikk. Det var sinne mot Støre, Stoltenberg, Arbeidarpartiet, EU, EØS. Spørsmål som: «korleis kan vi legge ned skular og samtidig gje pengar til Ukraina?».
Mange av profilane var prorussiske, og hadde teikn til å vere falske.
– Det har blitt åtvara om at Facebook kan bli brukt av framande makter for å så uro i Noreg. I kva grad var det ein del av undersøkinga?
– Det har heilt openbert vore eit undersøkstema. For det er jo litt teikn til kaos, seier Lie.
Høyr episode 1 og 2 her:
Smartembed for https://omny.fm/shows/historier-fra-gudbrandsdalen/hvem-trollet-innlandet-1-5-full-krig-i-lom
Smartembed for https://omny.fm/shows/historier-fra-gudbrandsdalen/hvem-trollet-innlandet-2-5-jakten-p-geir
Fisking, kjendisar og storpolitikk
Dei finn ut at administratorane har oppretta kring 30 andre Facebook-sider; om alt frå fisking til kjendisar til politikk.
– Kva har overraska dykk mest med denne saka?
– Det er arbeidet dei har lagt ned i å stå fram ekte og skjule spora sine, seier Førsund.
– Og difor blir eg nysgjerrig på kva dei eigentleg vil oppnå. Kva er motivet? utfyller Lie.
For det kan vere fleire ulike grunnar:
- Lage uro, kaos og nøre opp under sinne og mistillit blant folket.
- Tene pengar på å lage grupper med mange medlemmar og engasjement som kan bli selt vidare.
- Trolling for moro skuld, å få andre til å bli veldig engasjerte berre for underhaldninga sin del.
Svenn Arne Lie fortel om eit overordna spørsmål:
– Kva er det ekte engasjementet, og kva er det manipulerte engasjementet? Det er ein glidande overgang. Frå det ekte engasjementet i Lom med fakkeltog mot skulenedlegging. Så flyttar det seg over til Facebook og det er framleis ganske ekte. Men så plutseleg kjem det inn nokon som vrir på engasjement og trekk inn kontroversielle tema som pride, klima og Ukraina.
– Korleis har det vore å samarbeide på tvers av redaksjonar i dette arbeidet?
– Det har vore kjempebra! seier Lie.
Han trekk fram at Faktisk sat på kompetanse og verktøy, medan vi i GD hadde lokalkunnskapen og er ute blant folk.
– Og denne saka viser jo saka at vi treng lokalaviser og lokaljournalistar for å sjå og skjønne kva som er ei sak. For det var jo de i GD som at skjønte at her var det noko, seier Førsund.
Og peikar på det oppsiktsvekkande at dette ikkje berre er fenomen ute i den store verda.
– Dette skjer her heime i Noreg. For eg trur mange tenkjer at: «jo, det er mykje rart på sosiale medium, og masse falske kontoar». Men dette også skjer her heime i dei heilt nære sakene for våre lokalsamfunn.
– Det viser eit alvor som vi står i. Dette råkar ved liva våre, her og no. Kvardagen til oss alle, seier Silje Førsund i Faktisk.
Da Vedum la ut et bilde av at han drakk mjølk, fløymde det over med sinte meldingar
Mistenker at gruppe er påvirkningsaksjon: – Vanskeleg å vite kven som står bak
Kontaktboks Erlend Blaalid Oldeide