Herold

Båtrutene i florøbassenget

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Gro Sveen, dagleg leiar Svanøy Røykeri AS, Svanøy Published: 2026-03-26 13:00:00
Båtrutene i florøbassenget

Kjære Skyss og Norled!

Sidan det er lenge til jul, vil eg gjerne ønskje meg ein ting til påske! Det som står øvst på lista, er at de – som eg reknar med er ei gruppe vaksne, oppegåande og fornuftige menneske, som har gjort dykk fortent til dei stillingane de sit i – set dykk ned rundt eit bord. Ansikt til ansikt, og svært gjerne med oss brukarane representerte òg. Då kan vi snakke saman!

Gjennom dialog, folkeskikk og sunn fornuft kan vi kanskje kome fram til ei løysing vi alle kan leve med. For det som no går føre seg, er ikkje mykje liv laga for øysamfunna utanfor Florø.

Eg skal ikkje snakke for alle, men som øybuar, pendlar og bedriftseigar seier alle mine hattar at den vegen de no ser ut til å gå, ikkje fører til nokon god stad. Kanskje de meiner det er rett veg, men det store problemet er at denne vegen skaper store humpar for tredjepart – oss brukarane.

Eg likar ikkje å vere ein sutrar – det er det verste eg veit! Difor vil eg nytte høvet til å invitere alle partar til Svanøy. Då får de nyte ein fantastisk båttur i ein av verdas finaste skjergardar. De får møte det kjekke, serviceinnstilte mannskapet vi treff dagleg, og slå av ein prat med dei (sjå det gjerne som ein medarbeidarsamtale «light»). Samstundes kan de nyte topp moderne, utsleppsfrie båtar med blest i luggen!

Ved ankomst Svanøyserverer eg med glede ein røykelaks-lunsj av beste sort, med ein skvett kaffi på toppen. Skikkeleg mat i magen gjev god stemning og lågt konfliktnivå. Det beste er at de må vere på Svanøy heile dagen før båten går attende til fastlandet.

Eg vil likevel tilrå å kome ein tysdag, den eine dagen i veka vi har lasterute (den som tar med gods..) – då vert det berre fem timar til kos og hygge saman. Og på den tida bør vi ha funne ei løysing som gagnar dei som båtane er bygde for – brukarane.

Så kan de heller køyre rettssaknår de er attende i byen. Så lenge vi kan ta båten, sende og motta varene vi treng for å tene både fastbuande og besøkjande i den nært føreståande sommarsesongen.

Ta kontakt for å avtale tid til sammenkomsten, eg ser fram til besøk!

🏷️ Extracted Entities (4)

Svanøy (place) Florø (entity) Kjære Skyss (person) Norled (entity)