Herold

Bil i grøfta på E39 i Nordfjord

Plus
Kilde: Firda Author: Julian Fløde Published: 2026-03-27 06:05:25
Bil i grøfta på E39 i Nordfjord

Klokka 06.13 melde politiet at dei hadde fått melding om ein bil som hadde hamna i grøfta langs E39 Nordfjordvegen i retning Stryn.

Det er god framkome for annan trafikk, men bilen står delvis i det eine køyrefeltet.

Ifølgje operasjonsleiar Frode Kolltveit er ein politipatrulje på staden og i kontakt med føraren. Bilen er ikkje køyrbar.

Føraren skal ikkje vere skadd, men blåste over tillaten grense på alkometer. Bergingsbil er rekvirert.

Klokka 07.31 kjem Kolltveit med ei oppdatering. Sjåføren blir meldt for brot på Vegtrafikklova, og blir tatt med til politistasjonen for avhøyr.

Kolltveit skriv at sjåføren truleg sovna bak rattet og hamna utanfor vegskulderen.

🏷️ Extracted Entities (5)

E39 Nordfjordvegen (organization) Nordfjord (place) Frode Kolltveit (person) Stryn (entity) Vegtrafikklova (entity)