Vårmesse med rekordmange utstillarar: Dagrunn tar arven frå farmora vidare
Plus
Då ho var lita, var Dagrunn Vaule med farmora då ho farga garn med vekstar frå naturen. Nå er ho i gang sjølv.
Dagrunn Vaule frå Bjerkreim er ein av utstillarane på vårmessa, som skal arrangerast i Sokndalshallen laurdag. 53-åringen skal selja plantefarga garn og produkt ho har strikka med garn ho har farga sjølv. Ho skal òg fortelja litt om korleis ho går fram når ho får naturen sin eigen fargepalett til å festa seg til garnet.
Lærte av farmor
Garn har blitt både jobb og hobby for den kreative bjerkreimbuen. Ho arbeider i garnbutikk, og ho har hatt farging av garn som hobby i to år.
Å begynna med plantefarging av garn hadde ho hatt lyst til lenge då ho endeleg kom i gang. Farmora hennar dreiv med dette, og som lita var Dagrunn med på prosessen. Ho var med ut i naturen og henta vekstane som måtte til, og ho var med og såg korleis solvarme gultonar og blussande rosa festa seg til garnet i gryta.
I tillegg til kunnskapen ho har fått overlevert gjennom å vera med på prosessane, har ho arva fleire bøker om platefarging av farmora.
Har naturen utanfor døra
Dagrunn Vaule bur på Vaule i Bjerkreim, der ho er fødd og oppvaksen. Ho og den litle hunden hennar treng ikkje gå langt før dei finn høymole, geitrams, løvetann, lyng, pors, bjørk og andre vekstar som kan brukast til farging av garn.
– Det er flott natur her, seier ho om omgivnadene sine.
Men det er ikkje alltid ho tar turen ut før ho skal farga garn. Av og til held det å rusla ein tur ut på kjøkkenet. Kaffi, raudkål og raudbetar er eksempel på mat som kan brukast til farging av garn. Løk funkar òg.
Rekordmange er med
Bjerkreimbuen er ein av 40 utstillarar som deltar på vårmessa i Sokndalshallen i år. Det er ny rekord.
– Det er knallkjekt at så mange vil vera med og ha stand. Fleire skal vera med på første gong, kommenterer Jane Øvstebø, som er initiativtakar til messa.
Utstillarane treffer kvarandre på messer rundt forbi og tipsar kvarandre om kor dei bør vera med.
– Dermed kjem det stadig fleire utstillarar til Sokndal, noko eg synest er utruleg kjekt, nikkar Øvstebø.
Fekk avtale med kommunen
Jane Øvstebø har arrangert jule- og vårmesser i Sokndalshallen i ei årrekke. Men i fjor gjekk ho ut og sa at ho ikkje ville arrangera fleire messer, fordi leigeprisane i hallen var for høge. Ho meinte det ville vera urimeleg å lempa kostnadene over på utstillarane, og ho hadde heller ikkje lyst å ta inngangspengar.
Men etter ein dialog med ordføraren og kommunedirektøren, fekk Jane Øvstebø dei same vilkåra som Guddafest har. Det inneber at ho får leiga hallen til rundt halvparten av summen ho eigentleg skulle ha betalt.
– Det sette eg enormt stor pris på, seier Jane Øvstebø, som er glad for at kommuneleiinga ser verdien av hobbymessene.
– Vår- og julemessene har blitt ein fin tradisjon i Sokndal, samanfattar ho.
I år er det speidarane i Lio som har ansvar for kafeen, og som får inntektene frå denne.
Arrangerte løp for en god sak: – Kjekt å se at så mange stiller opp og vil bidra
Lokale godsaker og glade folk: Matfestivalen falt i god smak