– Godt med økonomisk støtte i ryggen
Plus
Store smil, og større pengesjekkar vart gitt på Meieriet på Frekhaug onsdag ettermiddag.
– Det betyr veldig mykje å få dette stipendet. Det er mykje utgifter når ein er på stemner og skal delta utanlands, seier Tonje Myksvoll Clementsen.
Ho er ei av dei ti som fekk stipend for arbeid- og etablering den kvelden.
Det var ordførar Sara Hamre Sekkingstad som gav ut dei gjeve stipenda for både idrett og kultur.
Sekkingstad seier at Clementsen har hatt gode presentasjonar bak seg i taekwondo, med seier både i Norgesmeisterskapen og nordisk meisterskap.
– Du blir sett på som eit forbilde av dei yngre utøvarane i klubben.
Ordføraren fortel at ho har høyrt rykte om at Clementsen vil kvalifisera seg til EM i Tyskland.
Juniormesterskap
– Dette stipendet gjer at eg kan reisa ut med landslaget. Eg er så takknemleg for at eg fekk dette her, seier volleyballspelar David Stenberg.
Han har store planar framover med samling med landslaget.
– Eg skal i juniormeisterskap i sommar. Pengane blir nok brukt på reise for treninga i både Norge og i utlandet. Me satsar på å vinna.
Manusutvikling og romanprosjekt
Det var ikkje berre idrettstjerner som fekk merka seg.
Også kulturstipend vart delt ut.
Ylva Catodotter Fyllingsnes får stipend for manusutvikling til TV-serien «Klara og Vilja tek styringa». Ho seier at motivasjonen og drivkrafta blir større av å få pengestønad.
– Eg er klar for å skriva meir: Målet er at dette blir ein serie som eg forhåpentlegvis kan ha med NRK og at me kan kome her og filma.
Emilie Arvidsson Reigstad gjer romanprosjektet «I minnets arkiv».
– Det er så fint å få dette. Eg har jobba med dette prosjektet i to år, og no byrjar det å nærma seg redigeringsfasen.
Ho merkar det er godt å få økonomisk støtte i ryggen.
– Eg får reist meir og får til å skriva meir, så får eg gjort romanen ferdig.
Ho og forlaget har snakka om at det blir bok til neste år.
Her er ei oversikt over alle som fekk tildelt stipend: