For andre gong denne veka: Køen strekker seg langt
Plus
Tirsdag var det ei jernstong, torsdag var det ein høgdebegrensar.
To gonger denne veka har Lyngfjelltunnelen på Fv 57 blitt stengt, grunna hengande gjenstander frå taket.
Torsdag formiddag var det ein høgdebegrenser som hadde losna og hang ned.
Køane strekte seg lange vegar etter stansen på den trafikerte vegen. Mange valde difor å køyre om Fjellanger.
Trafikkoperatør i Vegvesenet, Andreas Herland, fortalde klokka 09:50 at entreprenør var tilkalla. Og han rekna med at tunnelen ville opne igjen snart.
Klokka 10:10 opna tunnelen etter at entreprenør fjerna stonga frå taket.
Også tidlegare denne veka hang det noko ned frå taket i same tunnel, som gjorde at den vart stengt.
– Då var det ei jernstong som hang ned frå taket, seier Herland.
Den stansen førte til trafikkork på Fv 398 tysdag ettermiddag, då bilistane måtte ta vegen om Fjellanger.