1,3 milliardar og fleire nye arbeidsplassar
Plus
Gulen-selskapet Westland Waste har landa ein omfattande avtale. I ti år framover skal verksemda handtera avfallet frå Mongstad og Equinor sine basar i Nordhordland og bergensområdet.
Westland Waste i Sløvåg er tildelt kontrakt for avfallshandtering frå Mongstad raffineri, samt Sandsli og Ågotnes. Avfallet kjem i hovudsak frå aktivitet i Nordsjøen, men skal no sorterast ved Fensfjorden.
– Dette er den viktigaste kontrakten vi har jobba for sidan etableringa. Det stadfestar at vi har bygd opp leiande kompetanse og kapasitet innan avansert avfallshandtering, seier dagleg leiar Kristian Eide i Westland Waste.
Rammeavtala med Equinor er verd rundt 130 millionar kroner årleg.
Starta for fire år sidan
Westland Waste er ein del av Wergeland Group og vart grunnlagt for fire år sidan for å kunne levere lokal avfallshandtering for Equinor på Mongstad. Bak selskapet står Wergeland med ein eigarandel på 60 prosent og danske Rescandi med 40.
– Det viser at langsiktig industriell satsing og lokal kompetanse gjev resultat. Kontrakten styrker posisjonen vår og byggjer viktig industriell kompetanse i Noreg, seier konsernsjef Margunn Bjørnestad i Wergeland Group.
Frå før gjenvinn konsernet 3 500 m³ baseolje årleg frå boreavfall, og eit eige forbrenningsanlegg forsyner industriområdet i Sløvåg med fjernvarme. Den nye kontrakten handlar om meir komplekst avfall frå plattformene, noko som har kravd store investeringar i anlegg og utstyr.
Treng folk
Westland Waste skal i første omgang tilsetja mellom 12 og 14 nye personar for å betena kontrakten.
– Vi ser fram til å byggja eit sterkt fagmiljø og ønskjer dyktige folk velkomne på laget. Dette er ein spennande moglegheit til å bidra til utvikling i regionen, seier Kristian Eide.
Oppstart er i september.