Herold

Påskevêret 2026: – Sol i aust, snø i fjella og vått langs kysten

Kilde: NRK Author: Laurita Fure Briceño Published: 2026-03-25 18:57:02
Slik blir årets påskevêr

Håpar du på late dagar i solveggen i påska, bør du halde deg på Austlandet. Men med litt flaks kan du få bruk for solbriller elles i landet også.

Dersom du vil suse ned snødekte fjell i påska, bør du oppsøke fjella i Sør-Noreg.

Solbriller og solkrem får du størst behov for på Austlandet.

Påskeveka ser ut til å bli prega av lågtrykk, periodar med sol og skiftande vêr i store delar av landet.

– Men det blir mange fine dagar, i alle fall i starten av neste veke, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Det er derimot litt for tidleg å gi sikre prognosar for slutten av påskeveka.

Sol på Austlandet, fuktig og kvitt i vest

Dersom det er sol du helst vil ha, bør du ta turen til Austlandet. Det blir vêrvinnaren, i alle fall i palmehelga og dei første dagane i neste veke.

– Her ligg ein litt i le for lågtrykket som kjem frå vest, og får flest dagar med opphaldsvêr, seier Moxnes.

Fjellområda mellom aust og vest får meir skya vêr.

På Vestlandet vil blir det ein grå og våt start på påska. Men det er godt nytt for deg som skal til fjells for å gå på ski.

– Nedbøren vil kome som regn i låglandet, men som snø i fjellområda, seier Moxnes.

Det blir plussgrader i låglandet og ut mot kysten, men jo lenger inn i landet og opp i høgda ein kjem, jo kaldare blir det.

Ved vestlandskysten kan det bli ei fuktig påske.

Snø i hytteområda i Sør-Noreg

Snøen som er att i låglandet vil truleg smelte, men meteorologen meiner at snøen i hytte- og fjellområda vil bli liggjande.

– Det er godt nytt for fjellområda i Sør-Noreg. Der vil det også kome litt påfyll av snø.

Trass i lite snø i utgangspunktet, meiner meteorologen at det framleis vil vere skiføre i påska.

– Men ein bør vere budde på at vêret kan skifte fort. Det kan bli vind, snøfokk og fare for snøskred, seier Moxnes.

Meteorologisk institutt melder at det er mindre snø enn normalt dei fleste stadar, men at det likevel er nok snø til å gå på ski i fjellet.

Skiftande i Midt-Noreg og Nord-Noreg

For både Midt-Noreg og Nord-Noreg brukar meteorologen omgrepet «skiftande».

Det blir periodar med sol, og meteorologen oppmodar om å ha solkremen klar i sekken, men det blir også nedbør. Det betyr regn i låglandet og snø i fjella også lengst nord.

I Midt- og Nord-Noreg bør du vera førebudd på alt, for her kan det veksla. Er du heldig får du kanskje ein like fin dag som her ved Skarvatnet på Oppdal.

– Det blir litt lågare temperaturar enn i Sør-Noreg, spesielt i Troms og Finnmark.

Der blir det truleg minusgrader først og sist på dagen.

Pass opp for snøskred og snøfokk

Meteorologen ser ikkje teikn til nokon storm i påskeveka, men det kan bli periodar med vind.

– Det kan gjere det problematisk å vere utandørs. I alle fall i fjellet.

Meteorologen ber difor folk om å følge med på vêrmeldinga og vere budde på mogleg snøfokk på fjellovergangane.

– Som vanleg er det ikkje anbefalt å køyre opp i fjellet utan vinterdekk i påska.

Dersom du skal over ein fjellovergang bør du sjekka meldinga før du køyrer. Her var det snøfokk ved Rondvassbu i Rondane.

Dersom du skal på ski bør du vere obs på skredfaren. Med nysnø kan skredfaren endre seg raskt.

– Så her er det ikkje så lett å planlegge for heile påska. Og ein må hugse å sjekke skredvarselet når det nærmar seg at ein skal ut på tur, seier Moxnes.

🏷️ Extracted Entities (17)

Austlandet (entity) Moxnes (place) Sør-Noreg (entity) Nord-Noreg (entity) Siste saker om været i Norge 📁 (category) Vær i nord 📁 (category) Værmelding 📁 (category) Vêr på vestlandet 📁 (category) Midt-Noreg (entity) Finnmark (place) Midt (entity) Oppdal (place) Rondane (entity) Rondvassbu (entity) Skarvatnet (entity) Troms (entity) Vestlandet (entity)

📊 Metadata

Category: Siste saker om været i Norge, Vær i nord, Værmelding, Vêr på vestlandet
OpenGraph Title: Påskevêret 2026: – Sol i aust, snø i fjella og vått langs kysten
Twitter Title: Påskevêret 2026: – Sol i aust, snø i fjella og vått langs kysten