Barnevernet tok babyen hans på fødestova – no slår Høgsterett fast at han får erstatning
Allereie den same dagen som babyen blei fødd, sto nye foreldre klare til å ta over. No slår Høgsterett fast at kommunen må betale erstatning.
Foreldra til eit lite barn i Møre og Romsdal har kjempa i årevis for å få slått fast at kommunen greip inn på ulovleg vis då babyen deira fekk fosterforeldre.
No slår Høgsterett fast at kommunen ikkje gjorde nok for å sikre at babyen kunne kome tilbake til dei biologiske foreldra på eit seinare tidspunkt.
– Eg er lykkeleg for å ha vunne og ha kome gjennom. Det er ikkje all verda med erstatning, men det er ikkje det viktigaste. Det er å få sanninga på bordet, seier faren.
NRK har valt å anonymisere faren av omsyn til dei involverte.
Faren seier han no er lykkeleg.
Kommunen må betale
Kommunen må betale 100.000 kroner til faren. I tillegg må kommunen betale sakskostnader på nesten 300.000 kroner.
«Tyngdepunktet i saken er spørsmålet om EMK artikkel 8 var krenket, og kommunens ansvar i den forbindelse, der kommunen ikke har fått medhald», heiter det i konklusjonen frå Høgsterett.
Dommen i Høgsterett vil kunne føre til at andre kommunar får liknande krav. Det er difor stor interesse for saka.
Dette er EMK-artikkel nr. 8
Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin korrespondanse.
Det skal ikke skje noe inngrep av offentlig myndighet i utøvelsen av denne rettighet unntatt når dette er i samsvar med loven og er nødvendig i et demokratisk samfunn av hensyn til den nasjonale sikkerhet, offentlige trygghet eller landets økonomiske velferd, for å forebygge uorden eller kriminalitet, for å beskytte helse eller moral, eller for å beskytte andres rettigheter og friheter.
Høgsterett har ikkje gitt kommunen medhald då dei anka.
Frode Lauareid er advokat for kommunen. Han er ikkje fornøgd med dommen.
– Min første reaksjon er at den er streng. Den pålegg kommunen eit ansvar som eg meiner i mykje større grad burde ligge på staten, seier han.
Lauareid viser til at dei statlege fylkesnemndene og domstolen har vore involvert i barnevernssaka opp gjennom åra.
Lauareid har tidlegare sagt at barnevern over heile landet følgjer med på utfallet av saka, og då saka gjekk for lagmannsretten nyleg engasjerte interesseorganisasjonen KS seg som medhjelpar for å få frikjend kommunen.
Frode Lauareid er advokat for kommunen som gjekk til Høgsterett med saka. Han er ikkje fornøgd med utfallet.
Gjenforeining er målet i lova
Utgangspunktet etter Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 er at omsorgsovertakingar skal vere midlertidige. Målet er at barnet skal gjenforeinast med foreldra sine. Dette fordi barn og foreldre har rett til respekt for sitt familieliv og at inngrep etter avgjerda må vere nødvendige og forholdsmessige. Menneskerettane i EMK er norsk lov.
Høgesterett har kravd justeringar i norsk praksis i barnevernet for å vere i tråd med EMK og norsk lov. Spesielt har dei understreka at det er viktig at barnevernet jobbar aktivt for å legge til rette for gjenforeining.
Dette har skjedd etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) fleire gonger har dømd Noreg for brot på menneskerettane. Mellom anna har dette handla om at ein har gitt opp målet om gjenforeining for raskt.
Kjelder: NIM - Noregs institusjon for menneskerettar. Barne- og familiedepartementet sitt rundskriv om behandlinga av barnevernssaker etter nye avgjerder frå Høgsterett. Stortingsproposisjon 133 om endringar i barnevernlova. Lovdata.
Brot på menneskerettane
Kommunen meinte foreldra ikkje var skikka til å ta hand om ein baby. Foreldra meinte dei kunne klare det, sjølv om dei var uerfarne.
Høgsterett slår fast i den ferske dommen at barnet ikkje ville kunne flytta tilbake til dei biologiske foreldra sine.
Likevel er konklusjonen at kommunen har krenkt faren sin rett til familieliv, gjennom ein kombinasjon av mangelfull saksbehandling og for lite samvær.
Barnet har no blitt tenåring og har slått seg til ro på ein annan kant av landet. Faren har tidlegare uttalt til NRK at
– Dette vil bane veg for så mange andre som har opplevd det same, og det har også vore ei av drivkreftene for meg. Det er alt for mange saker som ikkje burde skjedd, seier faren til NRK torsdag føremiddag.