Herold

Global energikrise: – Vil berre tape pengar

Kilde: NRK Author: Regine Engelina Hatvik Published: 2026-03-26 16:00:28
Global energikrise: – Vil berre tape pengar

Det er ikkje berre i Noreg at drivstoffprisane aukar. Sandy Rono er bekymra for arbeidskvardagen sin i Manila.

Saka oppsummert:

  • Krigen i Midtausten har ført til store svingingar i oljeprisane, noko som påverkar drivstoffprisane globalt
  • Taxisjåførar som Sandy Rono på Filippinane og Wang Hong i Kina slit med å få endane til å møtast på grunn av dei høge prisane
  • Også i Europa merkar folk dei økonomiske konsekvensane av dei stigande drivstoffprisane

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Sidan krigen i Midtausten braut ut har det vore store svingingar i oljeprisane. Det har ført til høge drivstoffprisar over heile verda – også i Noreg.

Nordmenn kan få seg ein dyr rekning i det dei skal fylle drivstoff på køyretøya sine.

– Det er ei lita forseinking frå desse utslaga i oljemarknaden til det får utslag på pumpa. Vi såg at prisen på pumpene steig veldig fort når oljeprisen byrja å stige, vi kan jo håpe at den fell igjen.

Det forklarar NRKs økonomikommentator Cecilie Langum Becker.

– Det skal ikkje mange veker med den type prisar før det blir enda meir politisk press, legg ho til.

Energikrise på Filippinane

Taxisjåfør Sandy Rono i Manila på Filippinane er uroa over situasjonen.

Han risikerer å måtte legge jobben på hylla dersom prisane held fram med å stige.

– Dersom prisen for diesel når 150 pesos, kjem eg til å slutte å køyre. Då tenar eg ikkje noko, seier Rono.

– Eg vil berre tape pengar og bli sliten, legg han til.

Rono stod i denne køen for å fylle drivstoff på taxien sin i Manila på Filippinane. Taxisjåføren fryktar han må slutte i jobben dersom prisane held fram med å stige.

Tysdag erklærte landet energikrise.

President Ferdinand Marcos Jr. meiner at krigen er ein «overhengande fare» for landet sin energiforsyning.

Landet har sett inn ein komite som skal sikre flyt, forsyning, distribusjon og tilgang på:

  • Mat
  • Drivstoff
  • Medisinar
  • Landbruksprodukt
  • Andre nødvendige varer

Ein bensinstasjonsarbeidar fyller drivstoff på eit køyretøy i Manila på Filippinane. Fleire er uroa for dei aukande drivstoffprisane.

– Heilt ekstreme utslag

Dei høge drivstoffprisane er ein konsekvens av krigen i Midtausten.

Svingingane i oljeprisane har vore store frå krigen braut ut.

– Det handlar om plasseringa av konflikten. 20 prosent av verdas olje passerer gjennom Hormuzsundet. Når det stoppar opp blir det ein krise for heile oljemarknaden, seier Becker.

– Det er heilt ekstreme utslag vi har sett no, legg ho til.

– Rett og slett for dyrt

Wang Hong i Beijing i Kina har også utfordringar med å få hjula til å gå rundt som følge av auka prisar.

Wang køyrer taxi i hovudstaden. Sidan krigen braut ut har drivstoffprisane i landet hatt ein samla auke på 1,98 yuan per liter.

– Utslaget er enormt. I praksis tar eg nesten ikkje oppdrag lenger fordi det er vanskeleg å tene pengar, seier han.

Det er ikkje berre i Kina og på Filippinane at drivstoffprisane stig.

Prisauken er også merkbar i Europa.

– Eg har to born, og vanlegvis gjer vi ting i helgene. No gjer vi litt mindre eller held oss meir i nærområdet. Det er rett og slett for dyrt, seier Keven Plücken ved ein bensinstasjon i Köln i Tyskland.

Plücken er avhengig av bilen sin i jobben som vaktmeister.

For Keven Plücken verkar dei høge drivstoffprisane inn på familien sin økonomi.

Tuk-tuk-sjåførar slit

Krigen i Midtausten gjer også kvardagen til tuk-tuk-sjåførar i Kambodsja utfordrande.

I Phnom Penh er det lange køar av tuk-tukar framfor bensinpumpene.

– Denne prisstiginga har råka verksemda mi så hardt at eg knapt klarer å spare pengar til barna mine sine skulepengar, seier tuk-tuk-sjåføren Uch Lout.

Frå 1. april vil salet hos enkelte lokale drivstoffleverandørar stanse som følge av vanskar med forsyninga.

Kambodsjas statsminister Hun Manet har oppfordra folk til å spare drivstoff gjennom tiltak som:

  • Nettmøte
  • Mindre langkøyring
  • Unngå rushtrafikken

Ein tuk-tuk-sjåfør skubbar køyretøyet sitt i køen mot bensinpumpene.

«Uoppretteleg øydelegging»

I førre veke varsla USAs president Donald Trump at han ville sprenge heile det iranske gassfeltet South Pars.

Svaret frå Iran var ein trugsel om å gjennomføre «uoppretteleg øydelegging» i regionen dersom infrastrukturen deira skulle bli angripen.

Trump har utsett sin eigen frist på 48 timar med fem dagar.

Måndag kom presidenten med ei ny melding.

Etter «gode og produktive samtalar» med Iran har presidenten bestemt at han vil utsette angrepet med fem dagar, skriv han på Truth Social.

Iran hevdar at ein direkte samtale med presidenten ikkje har funne stad. Tysdag gjennomførte landet nye angrep mot Israel, skriv Reuters.

Følg utviklinga i Midtausten her:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr nyaste podkast-episode frå Urix:

🏷️ Extracted Entities (31)

Filippinane (entity) Midtausten (entity) Manila (place) Energi 📁 (category) Kina (entity) Olje og gass 📁 (category) Sandy Rono (person) Urix 📁 (category) Cecilie Langum Becker (person) Iran (entity) Keven Plücken (person) Noreg (entity) Truth Social (person) Wang Hong (person) Beijing (place) Donald Trump (person) Europa (entity) Ferdinand Marcos Jr (person) Hormuzsundet (entity) Hun Manet (person) Israel (entity) KI (entity) Kambodsja (entity) Köln (entity) OpenAI (entity) Phnom Penh (place) Reuters (entity) South Pars (person) Tyskland (place) USA (entity) Uoppretteleg øydelegging (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Olje og gass, Energi
OpenGraph Title: Energikrisen rammer folk over hele verden
Twitter Title: Energikrisen rammer folk over hele verden