Sp med på å kutta i pumpeprisane: – Me er ikkje glade for det
Senterpartiet gjekk mot dei raudgrøne partia og sikra fleire kutt i drivstoffavgifter.
Torsdag ettermiddag vedtok Stortinget fleire forslag som midlertidig skal gje lågare avgifter på drivstoff.
Det betyr òg billegare drivstoff.
Det er mellom anna vegbruksavgifta på bensin og diesel som vert fjerna midlertidig fram til 1. september.
Senterpartiet fekk fleirtal for ei rekke forslag om anleggsdiesel og diesel.
Ved å stemma med høgresida, bryt Sp òg budsjettavtalen dei har med dei raudgrøne partia.
– Eg føler glede for alle dei som er bekymra for kvardagskostnadane sine. Dette handlar om folk. Alle dei som er avhengige av bilen sin, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Prisane på bensin og diesel har auka kraftig den siste tida. Her frå Meløy for nokre dagar sidan.
Brot på budsjettavtale
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) konstaterer at Sp no har brote budsjettavtalen.
– Me er ikkje glade for det. Dei har brote ei avtale dei har hatt med regjeringa, seier Stoltenberg til NRK.
– Dette er ikkje ein god dag for det samarbeidet, seier han òg.
Finansministeren understrekar at regjeringa vil følga vedtaka frå Stortinget, trass i at Arbeidarpartiet stemte mot forslaga.
– Det som no er viktig er at me framleis skal jobba med dei same budsjettpartnarane basert på dei vedtaka som er fatta. Det vert ein viktig og krevjande jobb framover, seier han til media rett etter at avstemminga er ferdig.
Vedum: Har ikkje dårleg samvit
Trygve Slagsvold Vedum seier til NRK at han ikkje har dårleg samvit for å ha stemt mot Arbeidarpartiet.
– Nei, det handlar om folk, ikkje oss som har desse posisjonane, seier Vedum.
Han forsvarar brotet med budsjettpartnarane.
– Verda er annleis no enn han var i november og desember. Då var det ikkje krig i Midtausten. Det råkar heilt uskuldige også i Noreg, og her kan me styra avgiftspolitikken, seier Sp-leiaren.
Stoltenberg: Vil bety auka oljepengebruk
– Me må unngå at nokre hundrelappar i redusert drivstoffavgift vert spist opp av tusenlappar i auka rente.
Det sa finansminister Jens Stoltenberg (Ap) då han tok ordet under debatten.
Han starta med å snakka om korleis krigen mot Iran har påverka oljemarknaden og -prisen.
Forslaga frå Høgre og Senterpartiet inneber truleg ein midlertidig auka kostnad på 6,7 milliardar kroner, opplyser Finansdepartementet til NRK.
Finansministeren seier vidare at han er usikker på om forslaga er moglege å gjennomføra.
– Dei kan vera i strid med forpliktingane våre. Det kan vera ulovleg statsstøtte. Det har me ikkje hatt moglegheit til å gå inn i. Det er mest sannsynleg brot med ordninga for eit meir einskapleg CO2-avgiftssystem.
Følg utviklinga her:
Fleire reaksjonar
– Eg er heilt sjokkert, uttalar Ingrid Liland, finanspolitisk talsperson for MDG, i ei pressemelding.
Ho er tydeleg på at Sp har brote budsjettavtalen.
– Spørsmålet er om avtalen er veldig mykje verdt. Det må Senterpartiet ta ansvar for, men det store spørsmålet er: Kva gjer Ap og kor er Støre? Kva er vitsen med å vera statsminister viss du lar Frp, H og Sp styra statsbudsjettet? uttalar Liland.
Ein av dei andre budsjettpartnarane til Sp, Raudt, er derimot nøgde med at det vert avgiftskutt på drivstoff.
– Me er glade for at drivstoffavgiftene vert midlertidig kutta i dag, det skulle berre mangla. Pumpeprisen er altfor høg og råkar arbeidsfolk hardt, uttalar finanspolitisk talsperson Mímir Kristjánsson i ei pressemelding.
Frp-leiar Sylvi Listhaug er òg nøgd med vedtaka.
– Det er kjempebra at Frp endeleg får gjennomslag for å setta ned drivstoffavgiftene. Det er viktig for å sikra folk og bedrifter økonomisk handlefridom, seier ho.
Ap ville venta til mai
I 2026 utgjer vegbruksavgifta 3,77 kroner per liter bensin og 2,28 per liter diesel.
Om ho vert fjerna, vil literprisen verta 5 kroner billegare for bensin og 3 kroner billegare for diesel om ein tar med momsen.
Medan dei borgarlege partia og Sp vil fjerna denne avgifta så fort som mogleg, vil Ap be regjeringa koma tilbake med tiltak mot høge levekostnadar i revidert nasjonalbudsjett i mai.
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne, Venstre og Raudt stemte mot hastebehandlinga.
Dei ville heller venta til dei ordinære budsjettrundane i mai.