Herold

21 har fått bot for bilkøyring på isen på Sævellavatnet – fleire nektar å betala

Kilde: NRK Author: Laurita Fure Briceño Published: 2026-03-26 21:08:37 Last updated: 2026-03-26 21:19:04
Trudde dei hadde lov til å køyre på isen – får likevel 12.000 kroner i bot

Denne bilkøyringa på eit islagt vatn vil politiet straffe med 12.000 i bot. Fleire sjåførar nektar å godta straffa.

I vinter oppdaga Statens naturoppsyn tilfeldigvis mange bilspor på isen på dette vatnet.

Dei rykte ut til staden nokre dagar seinare, sikra seg bilde og video av situasjonen, før dei kontakta førarane.

21 personar blei melde til politiet for ulovleg køyring på Sævellavatnet mellom Tysse og Eikelandsosen aust for Bergen.

No har kvar enkelt fått 12.000 kroner i bot for brot på motorferdselslova om ferdsel i utmark og vassdrag.

– Eg synest det er synd. Det var ikkje alle som visste at det ikkje var lov, seier ein av dei til NRK.

Torsdag har førebels seks godtatt bota, medan seks har nekta å vedta ho.

Her køyrer bilane lovleg på isen.

Synest straffa er for streng

Han vart «tatt på senga» då han køyrde opp frå det islagde vatnet.

– Dei kom mannsterke. Fem stykke. Og gjekk rett på utspørjing.

Han seier bilførarane hadde høyrd at grunneigaren meinte det var greitt at dei køyrde på isen.

– Difor trudde vi det skulle gå greitt. Eg slit litt med å sjå kva som er så gale med dette.

Han reagerer på at bilistane ikkje fekk ei åtvaring før dei vart melde til politiet.

Eit ukjent forbod?

Politiet sende i februar ut ei pressemelding om at slik aktivitet er ulovleg.

– Vår erfaring er at mange ikkje kjenner til dette forbodet, sa politiadvokat Sigrid Sulland då.

Ho presiserer at grunneigarar ikkje kan gje fritak frå lova.

Få dagar etter at naturoppsynet tok dei 21 bilistane på fersken, gav Bjørnafjorden og Samnanger kommunar likevel midlertidig løyve til å køyre på isen på dette og eitt anna vatn.

Men kort etter trekte Statsforvaltaren løyvet tilbake.

Motorferdselloven

Motorferdselloven er en norsk lov som regulerer bruken av motoriserte fremkomstmidler i naturen. Lovens hovedregel er at motorisert ferdsel i utmark er forbudt. Men det er også mange unntak, for eksempel for nødvendig ferdsel og ferdsel etter tillatelse eller med hjemmel i lokale forskrifter.

I løpet av 1960-tallet ble motorisert ferdsel i utmark og på vassdrag i rekreasjonsformål svært vanlig. Folk skaffet seg fritidsbåter også til bruk i vassdrag, og snøscooteren gjorde utmarkskjøring tilgjengelig. Snøscooteren ble i løpet av få år allemannseie, og ble særlig populær i Nord-Norge.

Myndighetene så med bekymring på den innvirkningen den økede trafikken i utmark og vassdrag hadde på flora og fauna, gjennom forstyrrelse av dyrelivet og slitasje på vegetasjon, samt faren for forurensning. Med motorferdselsloven av 1977 ble motorisert ferdsel i utmark og vassdrag regulert til kun å omfatte nødvendig ferdsel, og annen ferdsel ble strengt regulert.

Kilde: Lovdata

Styremaktene kan tillate motorferdsel i utmark i enkelte tilfelle, som til dømes næringsverksemd.

– Men det skal avgrensast til det heilt nødvendige. Slik type leik og moro blir litt feil, meinte Statsforvalteren Vestland.

– Rotete

Den bøtlagde bilisten synest det har vore ein rotete situasjon.

– Det er rart at det vart lovleg nokre dagar etter vi vart melde til politiet. Og så blir det ulovleg igjen nokre dagar seinare.

Han vart difor overraska då han fekk førelegget førre onsdag.

– Etter at det blei lovleg, venta eg jo ikkje at det skulle kome ei bot.

Han har godtatt bota, men med ein bismak.

– 12.000 kroner er standard

At folk ikkje kjende til forbodet, er ikkje eit argument for å sleppe straff, ifølge politiet.

– Ein blir ikkje fritatt for straff fordi ein ikkje veit om lova, seier politiadvokat Sulland.

– Størrelsen på førelegget er gitt med utgangspunkt i det lågaste nivået for brot på motorferdselslova, legg ho til.

Statens naturoppsyn viser til at bøtedirektivet er fastsett av påtalemakta.

– Reine brot på motorferdselslova skal meldast til politiet. Ved motorferdsel på snødekt, islagt føre er eit førelegg på 12.000 kroner standard, forklarer seksjonsleiar Ole Morten Sand.

Han seier dette er likt i heile Noreg, for alle som blir tatt for anten snøskuter eller køyring med ATV eller bil på islagt vatn.

Ole Morten Sand i Statens naturoppsyn.

🏷️ Extracted Entities (19)

Krim og hendingar i Vestland 📁 (category) Miljøkriminalitet 📁 (category) Motorferdsel i utmark 📁 (category) Nyheiter frå Vestland 📁 (category) Ole Morten Sand (person) Statens (entity) ATV (entity) Bergen (entity) Bjørnafjorden (entity) Eikelandsosen (entity) Nord-Norge (entity) Noreg (entity) Samnanger (entity) Sigrid Sulland (person) Statsforvaltaren (entity) Statsforvalteren Vestland (organization) Sulland.** (person) Sævellavatnet (entity) Tysse (entity)

📊 Metadata

Category: Miljøkriminalitet, Motorferdsel i utmark, Krim og hendingar i Vestland, Nyheiter frå Vestland
OpenGraph Title: 21 har fått bot for bilkøyring på isen på Sævellavatnet – fleire nektar å betala
Twitter Title: 21 har fått bot for bilkøyring på isen på Sævellavatnet – fleire nektar å betala