Herold

Litt om Geitabakken, og kva me framleis trur er mogleg å få til

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Edvin Hesjedal Published: 2026-03-24 07:11:23
Litt om Geitabakken, og kva me framleis trur er mogleg å få til

LESARINNLEGG: Det er fort at mange vert sjarmerte av Eviny sitt notat kommunedirektøren las opp i sist formannskapsmøte.

Der Eviny lova rasvoll, ny bane og å erstatte klubbhuset på Geitabakken.

  • Først av alt så er ikkje eit slikt notat nokon kontraktsfesta garanti.
  • For det andre så lovar Eviny her arbeid og verdiar for om lag 35 millionar kroner (dersom ein legg til grunn løns- og prisvekst for 7 år) – berre med eit knips. Det gjev grunn til skepsis.
  • For det tredje ligg dette altså langt fram i tid – og kommunen vil framleis måtte bruke store summar på midlertidig bane på Dale.

Eviny tilbyr å betala for idrettsanlegg ved ny kraftutbygging

  1. februar tok kommunalsjef og kommunedirektør imot Dale IL til dialog – denne håpar me no kan fortsetje i vårt tempo.

Etter dette møtet har dei belyst nokre problemstillingar rundt saka, politikarane bad i formannskapsmøtet vidare utgreiing om kring nokre av desse:

  • Reglement (EØS) for tilskot
  • Ansvar for grunn og prosjekt
  • Flaumfare
  • At prosjektet er søknadspliktig

No går dessverre tida, men me vil å forsikra alle interesserte og politikarar om at Dale IL kan ta dette prosjektet frå start til mål. Slik at ei bane kan vera klar seinhausten 2026, og i verste fall seinast til sesongen 2027.

Dette treng ikkje ta lenger tid enn dette – men då må me ha handling no.

Idrettslaget treng:

  • Tilgang til detaljprosjekteringsrapporten frå SWECO vedrørande rasvollen. Då kan me kontrollere den mot våre postar for grunnarbeidskostnader
  • Vedtak om grunn – at Dale IL kan eiga grunnen
  • Vedtak om finansiering – at Vaksdal kommune forpliktar seg til å betale for ny bane og rasvoll
  • Eit skriv om at Vaksdal kommune heiar på prosjektet og at dette er heilt mogleg å få til innanfor plan- og bygningsloven. Som synleggjer for alle at Vaksdal kommune faktisk har lyst til å få til ei ny fotballbane på Geitabakken saman med oss.

Sjølv om eg kjenner på at me har gjort ein del siste månadene, er me dessverre ikkje komme mykje lengre enn me var våren 2024.

Med von om både sportsleg framgang og folketalsframgang, Edvin Hesjedal

Framleis uvisse om framtida for Geitabakken

Usikkert kva som skjer med Geitabakken, ny orientering tysdag

Ordføraren er positiv til planar for Geitabakken

- Privat initiativ kan ordna rasvoll og kunstgrasbane i år

Lite har skjedd på Geitabakken

🏷️ Extracted Entities (7)

Geitabakken (entity) Dale IL (organization) Eviny (entity) Vaksdal (place) Edvin Hesjedal (person) Reglement EØS (organization) SWECO (entity)