No kjem kongen og dronninga
Plus
LESARINNLEGG: Eg må sei eg gler meg, saman med alle i kommunen, og tilreisande.
Kongeparet har ikkje vore her før, så no skal dei få sjå kvar OL- og VM-genserane/jakkene vert laga: Dale of Norway.
Frå Cortina Italia 1956 til Cortina Italia 2026, det vert 80 år det!
Tenk no, om alle, store og små, kunne møtt fram i genserar/jakkene frå «fabrækjen». Dette hadde vore stas for oss sjølve og for kongeparet, som er svært sportsinteresserte. Dronninga har jo sitt eige kunstgalleri i «Stallen», der ho brukar mønster og fargar òg i vevkunsten sin, spanande!
Vi ser på TV at «alle» går med Dalegenserar/-jakker på sportsarenaer verda over, så no kan me òg vera stolte over kva Vaksdal kommune kan «prestera». No er det vår tur!
Venleg helsing Kari Berge
Kongeparet besøkjer Dale of Norway også
Arrangementet for kongeparet vert ved skulen på Dale
Ein halv million til kongebesøket
Førebuinga er i gang til kongebesøket
- Kongeparet kjem! Det er jo ei kjempenyheit
Vaksdal får kongeleg besøk
- Det blir veldig stas å få kongeparet på besøk