Herold

Her prater bussjåføren til elevene før «kidnappingen»: – Dere er frivillige gisler

Plus
Kilde: TA Author: Else Børte Published: 2026-03-25 19:47:12
Her prater bussjåføren til elevene før «kidnappingen»: – Dere er frivillige gisler

Buss for tog stoppa for å streike fleire stader på vegen til dei to vidaregåande skulane i Lunde og Bø. Med fullt av skuleelvar om bord.

Bussjåføren prater til skoleelevene

Ifølgje ein elev skal to stykk ha gått av bussen undervegs. Det skal ha gått utan problem.

– Så det var difor han (bussjåføren) meinte alt var frivillig. Fordi ein kunne gå av bussen når ein ville. Men eleven eg snakka med sa sjølv at det var ein veldig skremjande situasjon og at dei ikkje visste kva han ville funne på om dei hadde prøvd å gå av, seier Erle Skarpodde Tors, som sjølv brukar å ta denne bussen, men ikkje var passasjer i dag.

Då sjåføren køyrde inn på stasjonen i Lunde gjekk ein elev av. Så køyrde han vidare i hovudgata i Lunde der bussen brukar å sleppe av elevar, men der gjekk ingen av. Bussjåføren slapp av nok ein elev ved Nomehallen. Resten av elevane blei med til Bø. Som du kan sjå i videoen forsikrar bussjåføren seg heile tida om elevane har det bra under turen.

Del 2, bussjåføren prater til elevene

Djupt rystande

Ifølgje informasjon Drangedalsposten har fått stoppa bussjåføren som køyrde skuleelevar frå Drangedal til dei vidaregåande skulane i Lunde og Bø midt på heia og før YX i Lunde i dag til morgonen. Meldinga Drangedalsposten har fått skildrar at sjåføren stoppa fordi han og kollegaene ikkje hadde fått utbetalt løn.

– Er det normalt at skolebussen til Lunde/Bø stoppar midt på heia for å protestere for at de ikkje har fått lønn, har ein sint forelder skrive til ein annan forelder. Vedkomande vurderte å koma for seint til jobb sjølv for å køyre eleven sin til skulen.

«Kidnappa» elevar etter millionkrav

Då avisa kontakta Go-Ahead i nitida i dag føremiddag for å få ei uttale om hendinga uttalte pressevakt Simen Rohde fyrst dette:

– Go-Ahead har høyrd om hendinga. Me følgjer det opp frå vår side.

I ettertid har Go-Ahead uttalt dette:

– Dette er ei djupt rystande hending. Vårt fokus nå er å sikre at elevane og dei pårørande blir ivareteke. Me er takksame for at situasjonen løyste seg raskt for elevane, seier Emil Eike, som er administrerande direktør i Go-Ahead.

Sikrar vidare oppfølging

– Me er i løpande dialog med Nobina som leverer busstenestene til Go-Ahead. Me er trygge på at Nobina tek dette på største alvor, og det er dei som handterer denne hendinga. Me er også i kontakt både med skulane og fylkeskommunen for å sikre vidare oppfølging av alle involverte partar, heild Eike fram.

Det er Nobina, som med sine 15.000 medarbeidarar i fire land og det største kollektivtrafikkselskapet i Norden, som skal ha køyrd den aktuelle buss for tog på strekninga i dag.

Telemarksavisa har også dekt hendinga. Til avisa seier aksjonerande bussjåfør og medeigar Jostein Gjærum i Gjerstad tur og taxi:

– Bakgrunnen er at selskapet vårt i år har hatt over 1.000 oppdrag med buss for tog. Me har ubetalte fakturaer på 2,5 millionar kroner for i år. Opdragsgjevaren er Nobina. No var begeret fullt.

– Vi ser på dette som et alvorlig avvik, sjåføren er tatt ut av tjeneste og hendelsen vil bli politianmeldt, forteller Nobinas direktør Karine Nordseth i en uttalelse til TA.

– Dette er en alvorlig hendelse, som kom som svært overraskende for alle involverte med unntak av sjåføren. Vår høyeste prioritet nå er å ta godt vare på elevene og deres pårørende. Vi er lettet over at situasjonen ble løst raskt, og at elevene kom seg trygt tilbake på skolene, sier hun.

Bussjåfør tatt ut av tjeneste og politianmeldes etter han holdt elever igjen på bussen

Operasjonssentralen blei varsla

Til Drangedalsposten seier Nordseth at under eit buss for tog-oppdrag i dag tidleg mellom Neslandsvatn og Bø, blei Nobinas operasjonssentral varsla om ei hending om bord.

– Bussjåføren som køyrde bussen ønska ikkje å sleppe elevane som sat om bord i bussen av, på bakgrunn av eit økonomisk krav på vegne av selskapet han jobber i. Handlinga var ikkje koordinert med selskapet for øvrig eller nokon andre. Politiet blei raskt kopla på og skulane blei informert, seier Nordseth.

Ho meiner situasjonen blei løyst raskt. Skuleelevane blei transportert med drosje til skulane, der dei blei bekrefta å vera på plass..

– Dette er som nemnd ei alvorleg hending, og me har stor forståing for at dette kan ha vore ei skremjande oppleving for elevane og pårøyrande, avsluttar den administrerande direktøren i Nobina.

🏷️ Extracted Entities (16)

(entity) Nobina (entity) Go-Ahead (entity) Drangedalsposten (entity) Karine Nordseth (person) Emil Eike (person) Drangedal (place) Erle Skarpodde Tors (person) Gjerstad (place) Jostein Gjærum (person) Kidnappa (entity) Neslandsvatn (entity) Nomehallen (entity) Norden (entity) Simen Rohde (person) YX (entity)