Herold

Kunstis i Lærdal – er det eit prosjekt med vesentleg risiko?

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wiggo Hustad, Lærdal Published: 2026-03-25 17:08:36
Kunstis i Lærdal – er det eit prosjekt med vesentleg risiko?

Kommunestyret i Lærdal handsamar sak om etablering av kunstisbane komande torsdag. Dette kan vere sluttstrek for – eller slutten på starten for – eit prosjekt med mange positive effektar. Desse er omtala av fleire, seinast av Guri Olsen i eit innlegg i avisa.

Men ordføraren tilrår at kommunestyret seier nei, med utgangspunkt i det saksframlegget som ligg føre frå administrasjonen. Og det saksframlegget yter ikkje underlagsdokumentasjonen rettferd, slik eg les det.

Saksframlegget er samd i at dette er eit prosjekt som er i tråd med vedtekne planverk (Næring, Helse, Frivilligheit), og viser til både direkte aktivitet, og indirekte effektar på bulyst og omdømebygging. Men likevel vil ikkje ordføraren og fleirtalet i AP-gruppa at dette skal byggjast. Argumenta her er både knytt til teknisk gjennomføring og finansiering, og dessutan framtidig innsats frå innbyggjarane, i sum at dette vil påføre Lærdal kommune vesentleg risiko. Risiko ja, men ikkje vesentleg. Og kva anna tiltak har same oppside, det får vi ikkje vite.

Vi er alle samde om at ein må nytte energien. Noko anna er utoleleg i 2026. Risikoen knytt til å føre overskotsvarme frå skeiseanlegget til varmepumpa er eit spleiselag med eit selskap som likevel har behov for å grave grøft. Varmepumpeeffekten er vurdert ulikt. Om den skulle vise seg å vere i lågaste vurderte nivå, er framleis eit mogleg alternativ å erstatte pumpa, og såleis hente ut ein høgare gjenvinningseffekt, om enn noko utsett i tid. Men det er ikkje vesentleg risiko å gjennomføre dette.

Omtalen av framtidig bruk av anlegget er sjølvsagt spekulerande. Som nær nabo til anlegget ser eg høg aktivitet så snart is er lagt. Men det er lite folk der når det ikkje er is. Det er rett. Føreseieleg is er ein føresetnad for å kunne planleggje aktivitet, både til trening og konkurransar, eller berre til leik. For lag og bedrifter som treng å satse planmessig og ikkje spontant, er sjølvsagt det å vite at ein har isflata på ein gitt dato heilt grunnleggjande. Ein kan ikkje basere ei negativ tilråding til eit vedtaksframlegg (som er i samsvar med planar om frivilligheit og folkehelse), med at ein ikkje har tru på folk som bur i kommunen, særleg ikkje når nesten all utgreiing er gjort av nettopp frivillige.

Finansieringa av tiltaket er krevjande, men føreseieleg. Om ein ikkje lukkast med medfinansieringa vert det ikkje gjennomført noko prosjekt. Men å ikkje prøve å få til finansieringa duger ikkje. Det er altså ingen risiko med prosjektet før prosjektet har fullfinansiering. Og om ein lukkast med det, så får Lærdal kommune eit anlegg verdt om lag 40 millionar kroner for ein innsats på 5 millionar pluss litt mellomfinansiering og driftskostnader som sikkert kan delast med fleire.

Risiko? Tja, men ikkje vesentleg. Det er overdriven språkbruk og ikkje godt nok grunngjeve. Det er i alle fall ikkje denne risikoen som veltar skuleombyggingar eller elveforbyggingar framover.

Eg vil oppmode kommunestyret om å fremje eit alternativt vedtak, for eit konstruktivt utgreiingsalternativ, kor også leiarar frå fleire kommunale avdelingar gjer offentleg sine vurderingar. Kva anna tiltak treffer kommunale planar betre? Korleis kan ein nytte næringsfondet?

Å parkere fleire tiår med frivillig utgreiingsinnsats med det føreliggjande grunnlaget, kan kvele viljen til å gjere frivillig arbeid. Det er ein vesentleg risiko.

🏷️ Extracted Entities (6)

Kommunestyret i Lærdal (organization) AP (entity) Frivilligheit (entity) Guri Olsen (person) Helse (entity) Næring (entity)