Herold

Kutt i lærartettleiken – borna sit att med rekninga!

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Ingrid Grønstøl, for styret i Utdanningsforbundet Kvinnherad Published: 2026-03-25 12:30:00
Kutt i lærartettleiken – borna sit att med rekninga!

Utdanningsforbundet i Kvinnherad ønskjer å uttrykkja sterk uro for forslaget om å fjerna minstenorma for lærartettleik eller flytta den til kommunenivå. Ei slik endring vil svekkja kvaliteten i opplæringa, redusera moglegheita for tidleg innsats og skapa større skilnadar mellom skulane. Minstenorma er eit nødvendig golv som sikrar at alle elevar – uavhengig av kva skule dei går på – får tilgang til lærarar som faktisk har tid til dei.

Erfaringar frå tida før lærarnorma og etter at klassedelingstalet vart fjerna, er tydelege: Klassane blir større, lærarressursane blir pressa, og elevane får mindre individuell oppfølging. Dette fører til meir uro, mindre tilpassa opplæring og ein mindre trygg skulekvardag for mange born og unge. Evalueringar syner at lærartettleiken særleg på dei lågaste trinna har vore stabil eller betra etter innføringa av norma – og det har styrkt moglegheita for å fanga opp elevar tidleg, før utfordringar veks seg store.

Å fjerna minstenorma no, i ei tid der kommunane allereie står i kraftige økonomiske kutt, vil føra til færre lærarar i klasseromma. Det svekkjer kvaliteten i undervisninga og gjer arbeidskvardagen for lærarane endå meir krevjande. Når arbeidsbelastninga aukar, blir det vanskelegare både å rekruttera og halda på kvalifiserte lærarar – og det er elevane som betaler prisen.

Konsekvensane av lågare lærartettleik er godt dokumenterte: Mindre tid til kvar elev, svakare fagleg utvikling og større risiko for fråfall i vidaregåande opplæring. Fråfall er ein av dei sterkaste risikofaktorane for varig utanforskap, og utanforskap kostar samfunnet store summar over eit livsløp. Det er betre – og billegare – å investera i små menneske enn å reparera vaksne.

No treng me dykk!

Dette handlar ikkje berre om struktur og ressursfordeling i skulen – det handlar om kvaliteten i opplæringa og om kva slags oppvekstvilkår me som samfunn vil gi born og unge i Kvinnherad. Foreldre og besteforeldre veit kor avgjerande det er at elevane møter lærarar som har tid til å følgja opp, rettleia og skapa tryggleik i skulekvardagen. Når lærartettleiken blir svekka, blir denne grunnleggjande tryggleiken svekka.

Forslaget om å fjerna minstenorma for lærartettleik på skulenivå er ikkje berre ei teknisk justering – det er eit val som vil påverka kvaliteten i skulen i mange år framover. Skal me ha ein skule der alle elevar blir sett og følgde opp, eller ein skule der ressursane varierer frå år til år og frå skule til skule? Skal me prioritera tidleg innsats, eller akseptera at fleire elevar fell frå?

Høyringa er open, og fristen er 16. april. Eit høyringssvar treng ikkje vera langt eller avansert – det viktigaste er at mange stemmer blir høyrde. Me oppmodar difor foreldre, besteforeldre, elevar, lærarar, politikarar og ALLE som bryr seg om oppvekstvilkåra i kommunen vår til å engasjera seg no.

Det er NO me har høve til å påverka. Det er NO me må stå opp for borna våre – og for ein skule som gjev alle elevar reelle moglegheiter.

🏷️ Extracted Entities (2)

NO (entity) Utdanningsforbundet i Kvinnherad (organization)