Nasjonal uro for bemanning i barnehagen, men ikkje i Sunnfjord?
Plus
Undersøkingar gjort nasjonalt og lokalt har vist at bemanninga i barnehagen berre er tilfredsstillande 2 timar midt på dagen – om ein er heldig. Sidan opningstidene i barnehagane går ut over rammene for ein vanleg arbeidsdag, seier det seg sjølv at ein ikkje klarer å stette bemanningsnorma til ei kvar tid. I barnehagekvardagen er bemanningsnorma berre mellom 09.00 og 14.30, inne i denne tida skal det avviklast matpausar, møte og plantid.
Utdanningsdirektoratet kom med ny rettleiar om tilstrekkeleg bemanning i barnehagen i mars 2025. Denne rettleiaren handlar hovudsakleg om kravet i barnehagelova § 26 første ledd, som seier at bemanninga skal vere tilstrekkeleg til at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Det betyr at barnehagen skal driftast i samsvar med krava til formål og innhald, dette er krav i §§ 1, 2, 3 og 4 i barnehagelova, og rammeplanen for barnehagen.
Minimumsnorma for grunnbemanninga gjeld minstekrav til tal årsverk. Om minstekravet er oppfylt ved barnehageårets start, har barnehageeigar gjort sitt. Men, det ikkje gitt at alle tilsette er på jobb kvar dag. Viss ein eller fleire av dei tilsette blir sjuke, oppfyller barnehagen framleis minimumskravet til bemanning i form av årsverk tilsette, men det blir då sjølvsagt vanskeleg å ha ei tilfredsstillande pedagogisk drift om ein ikkje har vikar tilgjengeleg.
Den sitjande regjeringa har tydeleg forstått at det brenn eit blått lys for barnehagesektoren. Tilsette søkjer over til andre yrke eller dei blir førtidspensjonerte. I tillegg er det stadig færre som søkjer seg til barnehagelærarutdanningane. Utsegnene som kjem frå dei tilsette er eintydige: Vi står overfor ei bemanningskrise i barnehagesektoren!
Sunnfjord kommune har i 2025 fått vel 920 000,- i øyremerkte midlar til auka bemanning i barnehagen. I tillegg har kommunen fått 3,4 millionar i auka rammetilskot for å styrke bemanninga i barnehagane. Dessverre er ikkje desse 3,4 millionane øyremerkte, men det skal ikkje herske tvil om kvar regjeringa ville at desse midlane skulle nyttast til ute i kommunane. Førebels har Sunnfjord kommune valt å setje desse midlane «på bok» …
Utdanningsforbundet Sunnfjord meiner at om kommunen ikkje nyttar årets midlar til auka bemanning, så skal i alle høve innsparingskravet som er pålagt barnehagesektoren reduserast med tilsvarande beløp. Neste års løyvingar må nyttast til auka bemanning i barnehagane, i samsvar med regjeringa sine intensjonar.
Budsjettet lagt ut: – Ubehageleg
Har brukt 18 millionar på konsulentar i Sunnfjord-skulen