Svar til Kristian Hus om politisk engasjement for Hidle-traseen
Plus
Miljøpartiet Dei Grøne i Kvinnherad ynskjer fortgang i arbeidet med vegutløysing mot vest. Vi viser til resolusjon frå partiet sitt årsmøte, der Hidle-traseen vert framheva som den desidert beste og mest miljøvenlege vegtraseen mot vest. Truleg òg det einaste realistiske alternativet for fast vegforbindelse.
På vegne av onsdagsgjengen i IL Trio ber Kristian Hus om politisk engasjement. Kvinnherad MDG ynskjer at Hidle-traseen skal løftast opp, og bli ei viktig sak i valkampen neste år. Vi er per no ein forholdsvis liten gjeng med engasjerte medlemmer. Vi vil difor oppmoda engasjerte innbyggjarar i kommunen om å melda seg inn i partiet for å bli med og jobba fram dette alternativet for vegutløysing gjennom valkampen, og i dei kommande åra. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.