Feil på sporet stengde Bergensbanen
Plus
Ein feil på sporet stengde togstrekning onsdag kveld.
SISTE: Strekninga er endeleg open for togtrafikk att, melder Vy i 20-tida.
Strekninga mellom Dale og Bolstadøyri er stengd for togtrafikk.
Det melder Vy på sine eigne sider klokka 18.27.
Stenginga skuldast ein feil på sporet.
Forsinkelsar og innstillingar
– Du må rekna med forsinkelsar, og at nokre tog kan verta innstilte, skriv Vy.
Pressevakt Olav Nordli i Bane Nor opplyser at mannskap er ute for å sjekka det som truleg er ei laus isolasjonsmatte i Trollkonetunnelen, og at ein ventar på ei avklaring før persontog kan køyra gjennom tunnelen.
– Me satsar på at det ikkje vert langvarig, seier han om stenginga.
Buss for tog
I ei oppdatering i 19-tida skriv Vy toga mellom Voss og Dale er innstilte.
Det vert i staden buss for tog på denne strekninga, men Vy melder at det kan ta tid før bussane er på plass på alle stasjonar.
Klokka 20.02 melde Vy at strekninga var open for togtrafikk att, men at ein måtte rekna med forsinkelsar her.
Også tidlegare onsdag var sporet stengd ein snau time grunna etterfylling av pukk. Ellers er Vossebanen stengd på dagtid frå måndag til torsdag denne veka grunna arbeid i sporet.
Smartembed for https://rtd.banenor.no/web_client/std?station=VOS&layout=portrait&content=departure¬ice=yes&header=no&page=