DAB-signala borte i Florø
Plus
Onsdag morgon vakna folk i Florø opp til taus radio.
Florø er utan DAB-signal onsdag morgon. Det betyr at det aller meste av radiosendingar er utilgjengelege for dei aller fleste radiolyttarar.
Firdaposten har vore i kontakt med Telenor, som gjennom eigarskap i Norkring, står for drifta av DAB-nettet i Norge. Førebels har dei ingen informasjon om kvifor Florø er utan signal.
Firdaposten fekk i går melding om nedfall av ein kabel som går opp til sendaren ute på øya Kinn. Det er førebels ikkje klart om dette har samanheng med dei manglande DAB-signala.
– Det stemmer at det er DAB-problem. DAB er nede på Kinn grunna feil på ein straumkabel. Strømmen er kopla ut mens feilrettingsarbeidet går føre seg. Vi jobbar for så fort som mogleg å få opp igjen DAB-forbindelsane, seier Anders Krokan som er pressesjef i Telenor til Firdaposten onsdag føremiddag.
Her tek kabelen fyr