Herold

Bogstunnelen vart stengd: Røykutvikling frå tankbil

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-25 15:35:05
Bogstunnelen vart stengd: Røykutvikling frå tankbil

I 17-tida er tunnelen opna att for fri ferdsel. Det er no ledebil og manuell dirigering gjennom tunnelen, men det er av heilt andre årsaker.

Bogstunnelen på E39 mellom Vadheim og Lavik vart stengd grunna det som først var meldt å vere brann. Det melde Vegtrafikksentralen Vest klokka 16.23 onsdag ettermiddag.

Klokka 16.35 kjem dei med ei oppdatering: Det skal vere snakk om røykutvikling frå bremsene på ein tankbil.

Denne røykutviklinga er då opplyst å vere avtakande, men tunnelen er no tømd for bilar.

Skal vere sløkt

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder få minutt etterpå at brannen er sløkt, og at naudetatane er på staden. Tankbilen vert ståande inne i tunnelen.

Det er opplyst å ha vore ein del røykutvikling, og at brannventilasjonen i tunnelen er aktivert.

Klokka 16.42 vert det meld frå innsatsleiar frå brannvesenet på staden at røykutviklinga frå køyretøyet har avteke, og at tunnelen no er fri for røyk.

Både 110 Vest og politiets operasjonssentral melder at det ikkje skal vere personskadar.

Opna att, så starta vegarbeid

Klokka 17.10 er tunnelen opna att for fri ferdsel, etter situasjonen med tankbilen.

Men, til det som har skapt litt forrvirring hos reisande på vegen som har varsla Firda, så har det no blitt innført manuell dirigering gjennom tunnelen.

Trafikkoperatør Marius Tenstad ved Vegtrafikksentralen Vest fortel at dette er urelatert til røykutviklinga tidlegare.

– Det pågår no manuell dirigering på staden, med ledebil, fortel trafikkoperatøren.

Dette skuldast vegarbeid i tunnelen, som skulle gjennomførast denne dagen uansett.

🏷️ Extracted Entities (5)

Vegtrafikksentralen Vest (organization) E39 (entity) Lavik (place) Trafikkoperatør Marius Tenstad (person) Vadheim (place)