Båt gjekk ned i Florø
Plus
Klokka 21.14 fekk brannvesenenet melding om ein båt som var på veg til å synke ved Havnegata i Florø.
Brannvesenet stadfestar seinare at båten har gått ned, melder 110 Vest onsdag kveld.
Båten som har sokke skal vere om lag 35 fot.
Det vert også opplyst at det skal vere kring 350 liter diesel ombord, og brannmannskap startar difor med å legge ut lenser.
Vaktleiar ved 110 Vest, Børge Brekkvassmo, fortel at eigar ikkje er på staden, men at vedkommande er varsla.
Han fortel at meldingane om at båten var i ferd med å søkke, var «via-via». Ein forbipasserande skal ha varsla resepsjonen på hotellet i nærleiken, som igjen skal ha varsla 110.
– Meldinga gjekk ført på at båten var halvvegs under vatn, seier Brekkvassmo, som fortel at båten var sokke då brannmannskap kom til staden, og at den då hang i fortøyingane.
Anna enn at det no vert sikra med lenser for å hindre drivstofflekkasje vidare utover, så fortel vaktleiaren at vegen vidare enno er uviss med tanke på berging av båten.
Ikkje lenge etter vert det opplyst at eigar har vore i kontakt med forsikringsselskap. Berging av båten vil starte torsdag morgon.