Herold

Bør Knarvik Barneskule leggjast ned, eller pausast i nokre år…?

Plus
Kilde: NH Author: Steinar Haukås Published: 2026-03-24 18:26:13
Bør Knarvik Barneskule leggjast ned, eller pausast i nokre år…?

Ja, du leste rett, og det kan vera vondt å forstå og lesa om du bur i Knarvik, men enkelte bygder har lest slikt om skulen sin dei siste 40-50 åra, nokre år etter år…….håpar du forstår.

Alver kommune er inne i ei skjebnetid, skal bygde-Alver leggjast ned, skal utviklinga stoppa opp i bygdene, eller er det framleis mogleg å redda dei? Kan Knarvikbygda og bygdene rundt hjelpa kvarandre gjennom denne utfordrande tida?

Vi er via media nyleg gjort kjent med at elevtalet på Knarvik Barneskule er under 50% av kapasitet. Ref. saksframlegg jan-26 viser 209 elevar (46%) no, og 168 i 2030 (37%), på ein skule med plass til 450 elevar, som etter prognosane nesten skulle vera stapp full i 2029!

Vi er nyleg også via Kommunalsjef Oppvekst Kristin Mo, gjort kjent med via media, at prognosane som var grunnlag for etablering av skulen, har hatt vesentlege feil. Heilt utruleg. Dvs. at nye Knarvik Barneskule er bygd på heilt feil premisser! Kven er ansvarleg for dette, det er vist dei same som no lagar nye prognosar! Er det bevisst, eller…? Vi veit at nye Knarvik Barneskule kosta om lag 240 mill. då den stod ferdig i 2019, godt mogleg skulle skulen aldri vore bygd. Dette er eit vesentleg avvik, ein skandale, og krev ny undersøking no.

Skulen i Knarvik ligg sentralt til og vil i motsetning til andre skular i distrikta, fort kunna nyttast alternativt, slik at ein gjennom å leiga denne ut kan få dekka løpande diftskostnader/finanskostnder. Vi veit at det er behov for nye opplæringsplassar i mange bransjar, videregåande skular som ligg like ved treng sikkert nye linjer, vaksenopplæring mv. Skulen ligg heilt ideelt til i Knarvik. I mellomtida kan idrettsdelen i skulen brukast som no av lag/org.

Og eg vil tru at det er ikkje verre for born i Knarvik å verta skyssa til ein naboskule enn det er for naboskulane å verta skyssa til Knarvik. Derfor kan elevane fordelast på Leiknes og Alversund i desse åra, der det er god kapasitet.

Difor:

Vi veit no at barnefamiliar i hovudsak ikkje etablerer seg i Knarvik lenger, vesentleg negativ tendens i elevtalet. Det er skremmande, ingen bygder har betre totaltilbod for både vaksne og born.

Dette har absolutt ikkje berre noko å gjera med endring i demografien, det er ei bevisst overdriving frå Adm. er det for å dekka over feila? Videre har ein rett og slett også mangla reelle tilbod for etablerarar- og barnefamiliar, noko som har gjeve negativ effekt. Og det finst dessverre ingen snarlege straksløysingar i Knarvik.

Videre veit vi no at skulen er bygd på feil premisser og belastar drifsbudsjettet urimeleg. Er det då rett å oppretthalda skulen i Knarvik i denne tida og rasere bygdene rundt Knarvik? Er det nokon politikarar som vil forsvare slikt?

I bygdene rundt Knarvik finst det mange attraktive byggjeområde som har akkurat det etablerarar/barnefamiliar ønskjer, både fleirmannsbustader, rekkjehus og einebustadtomter. Desse prosjektene må forserast og brukast i konkurransen om å behalda og trekkja til oss fleire barnefamiliar. Då treng vi politikarar som set krav til adm/planavd/byggesøknad og gjer Alver til ein førsteklasses bustadvennleg kommune. Vi les nettopp i lokalavisa at meglar signaliserer at barnefamiliar ser mot nord frå Åsane, då må kommunen ut og marknadsføra våre attraktive område. Då treng ein skulane i bygdene for å vera attraktive.

Ein fordel med å pausa skulen i Knarvik er at den ligg sentralt til, den vert ettertrakta som leigeobjekt, og leigeinntektene kan dekka driftskostnader/finanskostnader i denne tida.

Ved å pausa Knarvik Barneskule i 5-10 år, så vil forhåpentlegvis økonomien ha normalisert seg i denne perioden, og skulen kan takast i bruk att som barneskule for Knarvikbygda. I mellomtida vert nabobygdene Leiknes og Alversund skule for Knarvikborna, der det er god plass.

Så eit eksempel på nytt utbyggingsområde. På Fyllingsnes vert det no bygd ny trygg gang/sykkelveg til 200 mill. som vert fysisk skilt frå bilane, og som skapar ei heilt ny tid, nye moglegheiter, 10 min køyring frå regionsenteret. Dette frigjer ny innkøyring til 3 nye bustadfelt, og til saman har ein 275 nye bueiningar i Eikangerbygda, som alle høver spesielt for etablerarar og barnefamiliar. Det er jo galskap å ikkje utnytta dette i konkurransen om barnefamiliane, det er gjennom barnefamiliane at kommunen får større overføringar/inntekter.

Dersom ein gjer som kommunedirektøren tidlegare har signalisert, så forsterkar ein den negative utviklinga ved at elevtalet fortset nedover både i Knarvik og i nabobygdene.

Med denne felles-løysinga vil Knarvikbygda og bygdene rundt Knarvik kunna hjelpa å utfylla kvarandre, ein oppnår dobbelt effekt, til det beste for Alver kommune sin økonomi og framtida vår.

🏷️ Extracted Entities (12)

Bør Knarvik Barneskule (person) Knarvik (place) Knarvikbygda (entity) Alver (entity) Alversund (place) Leiknes (place) Adm (entity) Eikangerbygda (entity) Fyllingsnes (place) Knarvikborna (entity) Kommunalsjef Oppvekst Kristin Mo (person) Åsane (entity)