Herold

Sette av ettermiddagen til dugnad: Har fått inn over ein million

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-25 05:30:18
Sette av ettermiddagen til dugnad: Har fått inn over ein million

Telefonane gjekk varme under Hagelsundbrua.

– Nokre seier nei, men eg har då fått inn noko, seier Anna Loureen Holsen.

Til vanleg styrer ho frisørsalongen Think Hair Wear i Knarvik.

Men denne dagen sit ho med telefonen til øyret på Dampen under Hagelsundbrua og ringer rundt til bedrifter i Nordhordland.

Rundt henne finn ein kjente fjes frå næringslivet som alle har sett av ettermiddagen til å gjere dugnad.

Målet er å få inn mest mogleg til Kreftforeningen. Og kvar telefon dei tek kan bety fleire tusen.

Kjem raskt inn

– Då er vi oppe 100.000, seier Mathias Urhaug frå Kreftforeningen, ein knapp halvtime etter at startskotet har gått.

Saman med Bente Sørensen i Amfi Knarvik, registrerer han fortløpande bidraga.

– Og vi har fleire vi ikkje har fått skrive inn endå, kommenterer Sørensen.

Amfi Knarvik, Nordhordland Næringslag og Kreftforeningen samarbeider om ringedugnaden. Pengane som samlast inn skal brukast til å sørge for at fleire kreftpasientar med spreiing kan få gentest.

Førre helg var det også basar i senteret i Knarvik. Då kom det 100.000 kroner.

Ein innbringande tradisjon

Klokka nærmar seg 15:00 og smila i sekreteriatet blir breiare og breiare.

– Då er vi oppe i 300.000!, seier Urhaug, tydeleg imponert over kva nokre timar med telefonringing kan føre med seg.

Det er fjerde året telefondugnaden blir gjennomført og i løpet av desse åra har det blitt ringt inn over 1 million kroner.

– Det er heilt fantastisk. Det er ein imponerande og rørande tradisjon de har fått til her, seier Urhaug.

🏷️ Extracted Entities (9)

Amfi Knarvik (person) Kreftforeningen (entity) Mathias Urhaug (person) Bente Sørensen (person) Hagelsundbrua (entity) Nordhordland Næringslag (person) Anna Loureen Holsen (person) Dampen (entity) Think Hair Wear (person)