Herold

Kva feiler dette landet?

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Frank Sve Published: 2026-03-25 12:03:17
Kva feiler dette landet?

Norge har snart verdens dyraste drivstoff, dyraste strøm, dyraste mat, høgaste skattar og avgifte og snart verdens dyraste rente, samtidig er Norge verdens rikaste land der Støre, Stoltenberg og staten gapskratter på veg til banken med bakgrunn i skyhøge olje og gassinntekter pga fleire større kriger.

Kva feiler dette landet?

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Andre land som til dømes Sverige som ikkje har pumpa ein liter olje, framstår som reine paradiset for folket, der regjeringa klarer å sette fokuset på å gjere det best mulig i landet for vanlige folk og næringslivets økonomi.

Her i landet, ser det ut til at dei steinrike i Ap og Høgre ikke bryr seg ein tøddel om vanlige folk og næringslivets økonomi, desse partia fordeler svært lukrative verv seg imellom i internasjonale stillingar og i nasjonale posisjonar for å kunne fortsette å underkue sitt eige folk, sløse vekk skattebetalarane sin pengar på glamour, fest og fjas.

Når eg høyrer Høgre sin Nicolai Astrup snakke om økonomi samt pengesterke Støre og Stoltenberg, kjenner eg at det knyter seg i magen, rett og slett fordi dette er personar som sannsynlegvis ALDRI har sjekka kontoen sin om dekning for å kunne kjøpe mat, klær til sine barn eller ha råda til å sende ungane på fritidsaktiviteter, eller råda til bensin til den gamle bilen som skulle ha vore på verkstaden og skifta bremser.

Når har desse tenkt til å sette seg inn i vanlige folk sin økonomiske situasjon?

Eg blir rett dårlig når eg høyrer debatt i Stortinget om at vi «skal sjå til høsten» omtrent slik høyres det ut, i debatt om å kunne gjere strakstiltak for vanlige folk og næringslivet sin økonomi her og no.

Istaden opplever vi ei transport bygg og anleggsnæring i kneståande, med mange konkursar og der folket omtrent også går konkurs økonomisk pga skyhøge drivstoffprisar, medan staten blir enda meir steinrik pga krigen i Iran.

Når har denne steinrike sosieteten i regjering og på Stortinget av rikingar tenkt å snart våkne og reagere, og begynne å kunne jobbe litt for løna si for det Norske folket, for det norske næringslivet og faktisk la noko av den vanvittige rikdommen dette landet har, kunne kome til gode for alt anna enn EU, klima og miljø, og heller snart prioritere kraftfulle tiltak for eige folk og eige næringsliv?

Kor lenge har befolkninga her i landet og næringslivet tenkt å stå med «nisselua i hånda» og finne seg i å bli styrt av makteliten?

Når har til dømes transportnæringa og anleggsbransjen i lag med bøndene, tenkt på å finne seg i dette?

Der resultatet etter kvart sikkert blir at dei køyre ut sine lastebiler og gravemaskiner og traktorar og blokkere alt av vegnett her i landet?

Hadde gått ca sånn ei halv veke før Jonas og Jens hadde våkna av tornerosedvalen sin, og kanskje hadde sett eget folk og næringsliv, og kanskje brukt nokre sekund på dette, og brydd seg om eige folk?

Om Astrup og Høgre hadde våkna i det heile er eg faktisk ganske usikker på.

Og Sp med Vedum er det ikkje vits å snakke om, dette partiet framstår totalt handlingslamma langt nede i bukselomma til Ap og Støre, og har tydeligvis gløymt at strøm og drivstoff er noko distrikta og heile Norge er avhengig av.

Som representant i nasjonalforsamlingen her i landet er eg regelrett flau på vegner av det Norske folket og næringslivet for den totale handlingslammelsen som befinner seg i regjeringa og fleirtalet på Stortinget, som er omtrent like framoverlent som å sjå på maling tørke.

Skjer omtrent null og nada i handling framdrift for det beste for vanlige folk og næringslivet, akkurat no når folket og næringslivet faktisk trenger å få utbytte av noko av statens vanvittige rikdom, for å få kostnadane NED i eit land som har alle muligheiter for dette.

No går olje og gassinntektene til himmels, der staten tjener milliardar av kroner ekstra pr dag, medan det norske folket og næringslivet blir berre fattigare og fattigare i takt med at onkel skrur pengebingen til Jens Stoltenberg og staten snart revner.

Korleis kan dette vere mulig? Korleis har vi stelt oss slik at folket sine pengar blir styrt på ein måte som ikkje kjem folket og næringslivet til gode ?

Korleis har vi klart å sette oss i ein situasjon der vårt næringsliv liksom ikkje hadde nok av bakdeler og utfordringer langt her mot nord, om vi ikkje også skulle få verdas dårligste nasjonale økonomiske driftsforhold?

Før hadde vi billig straum og drivstoff som eit fortrinn til vårt eget næringsliv, no har vi verdas snart dyraste strøm til eit næringsliv som forbrukar ca 60 prosent av straumforbruket her til lands og så dyrt drivstoff at flyselskapa setter flya på bakken.

Næringslivet får null kr i straumstøtte, og i tillegg snart verdens dyraste drivstoff der sikkert nokon i Stoltenberg sine rekker trur at alt av gravemaskiner, lastebilar, traktorar osv går på strøm, og som om det hjalp EiT tøddel med verdas dyraste straum også?

Eg gremmes, gremmes på vegner av det Norske folket og næringslivet, som har gjeve frå seg all makt til nokon som helst vil gje frå seg alt til EU, og før dei klarer dette, så er tydeligvis målet å svekke vanlige folks og næringslivet sin økonomi her i landet maksimalt.

Eg føler meg makteslaus, makteslause fordi alle framlegg i Stortinget for å bedre vanlige folk og næringslivets kriseramma økonomi her og no, vert berre skubba vekk og stemt ned av Tuttifruttiregjeringa og Høgre.

Korleis er det mulig å ikkje sette ned drivstoffavgifta straks, når oljeinntektene aukar med milliardar av kr, fly blir sett på bakken og både næringslivet og folk flest blir brutalt ramma av desse vanvittige drivstoffkostnadene?

Kvifor set 169 folkevalde på Stortinget?

Kvifor har vi ei regjering?

Eg berre lurer.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (26)

Jens Stoltenberg (person) Stortinget (entity) Høgre (entity) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Norske (entity) Politikk 📁 (category) Støre (entity) Økonomi 📁 (category) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) POLITIKK 🏷️ (keyword) Økonomi 🏷️ (keyword) Ap (entity) EU (entity) Nicolai Astrup (person) Norge (entity) EiT (entity) Iran (entity) Jonas (entity) NED (entity) Nordvest (entity) Sp (entity) Sverige (entity) Tuttifruttiregjeringa (entity) Vedum (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Politikk, Økonomi
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Politikk, Økonomi