Herold

Har kontroll på husbrann i Ålesund – skal etterforske saka

Kilde: NRK Author: Marius André Jenssen Stenberg Published: 2026-03-24 17:59:57 Last updated: 2026-03-24 22:13:42
Har kontroll på husbrann i Ålesund – skal etterforske saka

Det blei full overtenning i eit hus i Ålesund etter at det begynte å brenne i eit boblebad. Naboar fekk beskjed om å halde seg innandørs.

Det begynte å brenne i eit hus på Flisnes i Ålesund tidleg tysdag kveld. Bebuarar i område fekk beskjed om å halde seg inne og lukke vindauge og luftventilar.

– Brannvesenet har jobba med å få kontroll. Vi såg flammar ut av taket då vi kom til staden, men det har roa seg, sa innsatsleiar Lars Lundemo.

Like etter klokka 23.00 stadfesta politiet at brannvesenet har kontroll på brannen.

Brannvesenet blei igjen gjennom natta for å drive med ettersløkking og passe på at brannen ikkje blussa opp igjen.

Brannvesenet driv med sløkking.

Store skadar på hus

Brannen skjedde i eit tett bustadstrøk. Politiet vurderte på eit tidspunkt å evakuere naboar, men det blei ikkje nødvendig.

Dei to bebuarane som budde i bustaden kom seg ut av huset. Dei blei tatt med for sjekk på sjukehuset etter å ha fått i seg noko røyk.

– Det er store skadar på huset, og flammane har gått gjennom takkonstruksjonane, seier operasjonsleiar Jan Arild Austnes i politiet.

Det brenn i eit hus i Ålesund. Brannvesenet har ikkje kontroll.

Vil undersøke boblebad

Politiet melde tidleg at brannen skal ha starta i eit boblebad. Dei kjem til å etterforske for å klargjere brannårsaka, og krimteknikarar vil gå inn når tomta er kald nok.

– Boblebadet er naturleg å sjekke ut i og med at det var det bebuar meldte om. Alle indikasjonar så langt peiker på at det er der det starta, seier Austnes.

Han trur det kan gå eit par dagar før krimteknikarane kan gå inn.

Brannen er i området Flisnes/Emblemsvågen.

🏷️ Extracted Entities (6)

Ålesund (place) Brann i Møre og Romsdal 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Flisnes/Emblemsvågen (entity) Jan Arild Austnes (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Brann i Møre og Romsdal, Politisaker i Møre og Romsdal
OpenGraph Title: Brann i hus i Ålesund
Twitter Title: Brann i hus i Ålesund