Russland og Ukraina angriper hverandre
Russland og Ukraina angrip kvarandre. Ei russisk eksporthamn stÄr i brann og 150.000 ukrainarar er utan straum.
Saka oppsummert:
- Russland gjennomfÞrte sitt stÞrste luftangrep mot Ukraina til no, med 948 dronar i ein periode pÄ 24 timar
- Kort tid etter angreip Ukraina den russiske eksporthamna Ust-Luga, som er viktig for olje- og gasseksport
- 150.000 ukrainarar i Tsjernihiv-regionen er utan straum etter russiske angrep pÄ energiinfrastruktur
- Russiske dronar trefte Lviv sitt historiske sentrum, som er pÄ Unescos verdsarvliste
- Ein russisk drone har ogsÄ hamna i Estland
- Ein ukrainsk drone skal ha hamna i Latvia
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frÄ OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar fÞr publisering.
Tysdag gjennomfĂžrte Russland det stĂžrste luftangrepet mot Ukraina til no.
Over ein periode pÄ 24 timar blei 948 dronar sendt inn i landet, opplyste det ukrainske luftforsvaret.
â Omfanget av dagens angrep er ein tydeleg indikasjon pĂ„ at Russland ikkje har nokon reell intensjon om Ă„ avslutte denne krigen, skriv Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj pĂ„ Telegram.
à tte personar dÞydde i angrepa og over 40 personar er sÄra.
Kort tid etter angreip Ukraina den russiske eksporthamna Ust-Luga vest i landet ved grensa til Estland.
â I Ust-Luga gĂ„r det fĂžre seg arbeid med Ă„ avgrense og slĂžkke ein brann i hamneomrĂ„det.
Det skreiv guvernÞr i Leningrad-regionen Aleksandr Drozdenko pÄ Telegram natt til onsdag.
Ingen personar skal vere skadde som fĂžlge av angrepet, og skadeomfanget er ukjent, ifĂžlge guvernĂžren.
Det er lite informasjon og bilete frÄ hendinga.
Sidan mars har russiske myndigheiter har skrudd mobilnettet av og pÄ i fleire russiske byar.
OgsĂ„ fleire sosiale medium er nede â blant dei er meldingstenesta Telegram.
Vil svekke russisk Ăžkonomi
Ust-Luga er eit knutepunkt for eksport av olje og gass.
Den siste tida har Ukraina trappa opp angrepa mot russiske oljeraffineri og eksportruter for Ă„ svekke Russland sin Ăžkonomi.
IfĂžlge det russiske forsvarsdepartementet har dei avskore 389 ukrainske dronar gjennom natta â fleire over hovudstaden Moskva.
Russland svarte med Ă„ angripe energiinfrastrukturen i Ukraina.
Angrep mot energiinfrastrukturen
150.000 innbyggarar i Tsjernihiv-regionen nord i landet er utan straum, skriv guvernÞr Viacheslav Chaus pÄ Telegram.
â Eit tungt dĂžgn for Tsjernihiv-regionen. Aggressoren har utfĂžrt massive angrep mot vĂ„re byar og landsbyar, skriv Chaus.
Over 200 dronar er skoten ned av det ukrainske militÊret i omrÄdet det siste dÞgnet.
Det er ikkje melde om personskadar, men det er store materielle skadar som fĂžlge av angrepet.
Russiske dronar i Estland og Latvia
Onsdag morgon varsla den estiske tryggingstenesta om ein russisk drone som har treft ein skorstein pÄ eit kraftverk i Estland, skriv Reuters.
â Ein drone trefte pipa pĂ„ Auvere-kraftverket. Ingen kom til skade i hendinga, skriv tryggingstenesta i ei pressemelding.
â Dronen flaug inn i estisk luftrom frĂ„ russisk luftrom, la dei til.
Denne dronen hamna i Latvia, og er truleg ukrainsk.
OgsÄ Latvia melde om ein russisk drone som har floge inn i landet og styrta, opplyser Latvias forsvarsdepartement.
â Ingen sivile blei skadd og det er ingen skadar pĂ„ sivil infrastruktur. Omstenda rundt hendinga er under etterforsking, skriv departementet.
Seinare pĂ„ dagen kom Latvias forsvarsminister Andris SprĂŒds med ei retting om at dronen truleg var ukrainsk.
FĂžlg utviklinga i krigen her:
Droneangrep mot historisk sentrum
Det russiske droneangrepet som byrja tysdag rÄka ogsÄ byen Lviv sitt historiske sentrum. OmrÄdet er del av Unescos verdsarvliste.
â Russland har retta eit brutalt angrep mot dei sentrale delane av Lviv, ein by med eksepsjonell kulturverdi, skriv Ukrainas utanriksminister Andrij Sybiha pĂ„ X.
â Det er pĂ„fĂžrt skadar pĂ„ Unesco-verdsarven, legg han til medan han oppfordrar generaldirektĂžren for Unesco, Khaled El-Enany, til Ă„ fordĂžmme angrepa.
Angrepa skjedde pÄ dagtid.
Byen har i stor grad vore skjerma frÄ russiske angrep.
Zelenskyj reagerer pÄ angrepet mot den kulturrike byen.
â Bygningane til St. Andreas-kyrkja i Lviv tok fyr. Historia til kyrkja strekker seg heilt tilbake til tidleg 1600-talet, skriv han pĂ„ Telegram.
â Berre slike som Putin kan finne glede i det, legg han til.
Interessert i kva som skjer i verda? HĂžyr Urix sin podkast: