Herold

Innbrot hjå Alan Walker: – Har stole dyrt og viktig utstyr

Kilde: NRK Author: Geir Bjarte Hjetland Published: 2026-03-25 09:35:33 Last updated: 2026-03-25 14:04:37
Innbrot hjå Alan Walker: – Har stole dyrt og viktig utstyr

Ein mann i 40-åra blir framstilt for varetektsfengsling etter innbrotet i villaen til Alan Walker onsdag morgon.

Ein mann tok seg onsdag morgon inn i «Villa Walker» i Homansbyen i Oslo

Det var Bergensavisen som melde det først.

Onsdag ettermiddag opplyser politiet at mannen som blei pågripen for innbrotet, no sit i arresten i Oslo

– Politiet vil framstille den sikta for varetektsfengsling i Oslo tingrett i morgon, med bakgrunn i gjentakingsfare, seier politiadvokat Erik Storsveen til NRK.

Eigedomen i Homansbyen fungerer som både kontor, studio og leilegheit for artisten Alan Walker.

Innbrotet blei avbrote av vaskepersonale som kom på jobb, men tjuven fekk med seg maskiner, minnebrikker og RAM-kort.

Gunnar Greve er glad for at politiet raskt klarte å fange mannen som tok med seg utstyr frå «Villa Walker».

Fekk med seg mykje

– Han stal dyrt og viktig datautstyr, og ribba maskiner for viktige minnebrikke og RAM-kort. Dei er heilt avgjerande for å kunne gjere jobben vår, seier manager Gunnar Greve.

Ifølgje manager Gunnar Greve skjedde hendinga ved 06.30-tida onsdag morgon. Tjuven skal ha forsynte seg med betydelege mengder utstyr før han vart oppdaga.

Politiet i Oslo stadfestar at dei fekk melding om hendinga klokka 06.45.

Då dei kom til staden, var gjerningspersonen borte, men politiet fann spor som leidde dei til ei adresse i nærleiken.

Rosar politiet sin innsats

Manager Greve er svært nøgd med politiet sin innsats.

– Det hjelper å vere rask og ha godt overvakings- og alarmsystem. Heldigvis viser norsk politi seg frå si best tenkelege side, seier han til NRK.

Politiet fann ein del av tjuvegodset på den mistenkte mannen i 40-åra.

– Vi har jo heldigvis ting fleire stader, men det er maskiner med plugins og presets, som då i utgangspunktet gjer det vanskeleg å berre bruke råfila frå skya, seier Gunnar Greve.

Han seier vidare at situasjonen er litt uoversiktleg no.

– Men det er i alle fall bra at han er tatt, seie Greve.

«Villa Walker» ligg i Homansbyen sentralt i Oslo.

🏷️ Extracted Entities (14)

Alan Walker (person) Oslo (place) Gunnar Greve (person) Homansbyen (entity) Kjendiser og internett (Underholdning) 📁 (category) Kultur 📁 (category) Kultur & Underholdning 📁 (category) Musikk 📁 (category) Norge 📁 (category) Underholdningsavdelingen 📁 (category) Villa Walker (entity) Bergensavisen (entity) Erik Storsveen (person) RAM (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Kjendiser og internett (Underholdning), Kultur & Underholdning, Musikk, Kultur, Underholdningsavdelingen
OpenGraph Title: Innbrot hos Alan Walker
Twitter Title: Innbrot hos Alan Walker