Herold

Utløyste redningsaksjon i Ulstein – fire menn dømde for å ha sendt opp nødbluss utan å vere i nød

Kilde: NRK Author: Silje Steinnes Bjerknes Published: 2026-03-25 11:08:30 Last updated: 2026-03-25 14:07:33
Utløyste stor aksjon – no må dei betale erstatning til Hovudredningssentralen

Dei fire mennene løyste ut to nødbluss utan å vere i nød, noko som resulterte i ein stor redningsaksjon. No er dei dømde til å betale 76.000 i erstatning.

I november i fjor blei det sett i gang ein omfattande redningsaksjon, etter at det blei observert fleire nødbluss i Ulstein kommune på Sunnmøre.

Søket varte i over ein time.

Med på søket var redningshelikopter, politi, ei hurtigrute, redningsskøyte, brannvesen, luftambulanse og sivile båtar.

Til slutt melde fire menn i 20- og 30-åra seg sjølve til politiet. No er dei dømde i Sunnmøre tingrett for brot på straffelova §187, som gjeld falsk alarm.

Må betale erstatning

Dei fire er alle dømde til å betale bøter på 5000 kroner kvar.

I tillegg må dei betale nesten 76.000 kroner i erstatning til Hovudredningssentralen i Sør-Noreg.

Tre av mennene blei også dømde til fengsel i 21 dagar, medan den fjerde blei dømd til fengsel i 18 dagar. Fengselsstraffene er på vilkår med ei prøvetid på to år.

Ein av mennene fekk nokre dagar i strafferabatt fordi det var han som ringde til politiet og fekk avblåst aksjonen.

To av dei dømde er frå Møre og Romsdal, medan dei to andre er frå andre fylke.

Dei fire mennene erkjente straffskuld då dei møtte i retten nyleg.

– Kjeda seg

Mennene har forklart at dei var på ein køyretur den aktuelle kvelden og at dei hadde kjeda seg, står det i dommen.

Ein av dei hadde to nødbluss liggande i bilen, og dei ønskte å skyte opp desse.

For å unngå at andre skulle sjå blussa køyrde dei til det dei meinte var ein aude stad, Flø i Ulstein kommune. Der fyrte dei opp det første nødblusset. Så køyrde dei til Garnes der det andre nødblusset blei brukt.

– Dei har forklart at dei fyrte av nødblussa i retning sjøen, og at det ikkje tok lang tid før blussa hamna i sjøen, står det i dommen.

Vidare står det at ingen av mennene har erkjent å ha fyrt av det første blusset. Men utifrå forklaringane deira, meiner retten det er bevist kven av mennene som gjorde det.

Helikopter søkte i sjøen etter at nødblussa blei fyrt opp.

– Kunne ha halde på heile natta

I retten forklarte Hovedredningssentralen at det var usikkert kor lenge aksjonen hadde halde på dersom dei ikkje hadde fått melding om at det var ein falsk alarm, men at det kunne ha halde på heile natta.

Ved straffeutmålinga la retten vekt på konsekvensane av at dei fire fyrte opp dei to nødblussa.

– Ytterlegare konsekvens var at eventuelle andre og seinare oppdrag ikkje kunne blir prioritert fordi alle ressursar var ute, og at det er reglar for kviletid for mannskapet.

Vidare har retten vektlagt at det blei fyrt opp nødbluss frå to forskjellige stadar. Noko som vanskeleggjorde naudetatane sitt arbeid fordi det måtte bli søkt i to område, står det i dommen.

Avdelingsdirektør i Hovedredningssentralen Sør-Noreg, Kjetil Lussand.

Avdelingsdirektør i Hovedredningssentralen Sør-Noreg, Kjetil Lussand, seier dei tek dommen til etterretning.

– Det viktigaste for Hovedredningssentralen har vore, og er, at respekten for nødvarsel og nødmelding blir ivareteke og opprettheldt. Dette er viktig, slik at folk i nød i Noreg kan vere trygge på at alle varsel om at ein er i nød blir tatt på alvor.

Han legg til at dei håpar dommen vil føre til at liknande hendingar ikkje skjer igjen.

Kjem truleg ikkje til å anke

NRK har så langt kome i kontakt med to av advokatane til dei dømde mennene.

– Retten har hatt ei fornuftig tilnærming til straffeutmålinga. Dei varsla politiet på eige initiativ tidleg etter at dei hadde sendt ut nødblussa. Dette har retten tatt omsyn til. Det er ikkje aktuelt å anke, seier Paul-Inge Angelshaug.

– Dommen er velfundert og fornuftig. Det er lite sannsynleg at vi kjem til å anke, seier advokat Stein Nilsen.

🏷️ Extracted Entities (18)

Hovedredningssentralen Sør-Noreg (organization) Hovudredningssentralen (entity) Dommar Møre og Romsdal 📁 (category) Hovedredningssentralen 📁 (category) Møre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Politisaker i Møre og Romsdal 📁 (category) Sikkerhet til sjøs 📁 (category) Kjetil Lussand (person) Sunnmøre (entity) Ulstein (entity) Flø (entity) Garnes (place) Møre (entity) Noreg (entity) Paul-Inge Angelshaug (organization) Romsdal (place) Stein Nilsen.** (person)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Politisaker i Møre og Romsdal, Hovedredningssentralen, Sikkerhet til sjøs, Dommar Møre og Romsdal, Norge
OpenGraph Title: Utløyste redningsaksjon i Ulstein – fire menn dømde for å ha sendt opp nødbluss utan å vere i nød
Twitter Title: Utløyste redningsaksjon i Ulstein – fire menn dømde for å ha sendt opp nødbluss utan å vere i nød