NRK: Varsla PST, men sjukehuset fekk aldri vita noko
Plus
PST vart varsla om den iranske legestudenten, som skal ha truga regimemotstandarar i videoar på TikTok, spelt inn på Lærdal sjukehus. Helse Førde og sjukehuset vart ikkje varsla.
Det skriv NRK tysdag. Helsedirektoratet varsla PST om aktivitetane til mannen som då jobba på Lærdal sjukehus. NRK avdekkjer no at arbeidsgjevaren ikkje vart varsla.
– Me har gått gjennom våre saksarkiv, og finn ikkje noko varsel frå Helsedirektoratet til Helse Førde, seier fagdirektør Asle Kjørlaug til NRK.
Legestudenten hadde følgjevakter som hospitant ved sjukehuset i 2024 og 2025. I januar i år signerte Helse Førde ny kontrakt med mannen. Han gjekk i fleire vakter, utan gyldig autorisasjon.
Styret fekk først vita om den iranske legestudenten denne veka
NRK: Iransk legestudent i Helse Førde truga iranarar på TikTok