Herold

Trur på å utvikla stålverksområdet for storhandel: – Kan bli eit løft for både byen og regionen

Plus
Kilde: Strandbuen Author: Elin Moen Karlsen Published: 2026-03-24 11:36:11
Trur på å utvikla stålverksområdet for storhandel: – Kan bli eit løft for både byen og regionen

Steinar Vadla Risa har i mange år jobba tett opp mot handelsnæringa i Oslo-regionen. Han har ei klar meining om kva etablering av storhandel på stålverksområdet på Jørpeland kan bety.

– Som tidlegare stålverksarbeidar kan eg med handa på hjartet seia at stålverksområdet står fram som eit svært godt eigna område for denne typen utvikling, skriv Risa i ein post på sosiale medium.

13. mars melde Strandbuen at Green Mountain droppar å etablera det omdiskuterte datasenteret på Grøtnes.

Det var blanda mottaking på nyheita blant politikarar, datasentermotstandarar og eigarane av området.

I samband med behandlinga av arealdelen i kommuneplanen for Strand, er stålverksområdet eit av områda som politikarane skal vurdera den vidare bruken av.

Bjørn Arild Veland (H) uttalte til lokalavisa at det nå kan bli opna for storvarehandel, såkalla big box, i stålverksområdet mot Grøtnes. Dette har det også blitt snakka om tidlegare i området.

Stemte for å utsette datasenter-saken, men slår fast at de fortsatt vil stemme nei

– Kan trekka folk

Forvaltningsutvalet diskuterte arealdelen av kommuneplanen i møtet i førre veke.

– Ingenting blei endeleg vedtatt i forvaltningsutvalet. Det endelege vedtaket vil koma i kommunestyret, forklarer leiar for forvaltningsutvalet, Kristin Sølvberg Ur.

Saka skal opp i kommunestyret onsdag denne veka.

– Blir området rett utvikla kan dette bli eit viktig løft for Jørpeland og heile Ryfylke-regionen. Slike etableringar skapar ikkje bare arbeidsplassar, men treker også til seg handelsstraumar frå eit langt større omland, peikar Steinar Vadla Risa på.

– Mi erfaring er at kundar er villege til å reisa for gode og komplette handelsområde, noko også etablerte butikkar vil dra nytte av, legg han til.

Risa har i 35 år jobba med å stoppa butikktjuvar i Oslo-området. Han driv firmaet Vadla Trygghetsbyrå og jobbar med å førebygga butikktjuveri og svinn i butikkar og på kjøpesenter.

Åpner for storhandel på stålverksområdet: – Veldig viktig sak for Jørpeland

Tre ting må på plass

Han peikar på at marknaden for storhandel framleis er sterk.

– Aktørane er profesjonelle og selektive, og dei søker område med volum, tilgjengelegheit og potensial. Derfor er det gode grunnar til å tru at stålverksområdet vil vera attraktivt for fleire etablerarar, viss det blir lagt rette rammer, seier Risa.

Han viser vidare til at gode handelsområde ikkje oppstår av seg sjølv, og at spesielt tre ting er viktige for å etablera slike.

– Det krev heilskapleg planlegging, dei rette samarbeidspartnarane og ein tydeleg strategi. Får dei dette til kan stålverksområdet bli meir enn handel. Det kan bli eit reisemål med nærleik til sjø, natur, fjell og sjølvsagt Preikestolen som trekkplaster, slår Risa fast.

– Eg heiar på dette, men det må gjerast skikkeleg, legg han til.

Trudde ikkje at den lokale motstanden skulle bli så stor at den stoppa planane: – Veldig trist

Dette sier folk på gata om datasenter-nyheten

Var positiv til datasenter: – Synd for Jørpeland

Motstanderne jubler over datasenter-nyheten: – Halleluja!

Green Mountain dropper datasenter på Jørpeland

Mener folk på Jørpeland er for godtroende: – Like utsatt for tyveri som Oslo

Jørpelendingen er ekspert på butikktyveri og roser grepet Eli har gjort: – Ikke mange som tar dette så seriøst

Steinar fra Jørpeland lever av å stanse butikktyver – nå slår han alarm

🏷️ Extracted Entities (13)

Jørpeland (place) Steinar Vadla Risa (person) Oslo (place) Green Mountain (person) Grøtnes (place) Bjørn Arild Veland (H) uttalte til lokalavisa (organization) Bjørn Arild Veland H (person) Eli (entity) Kristin Sølvberg Ur (person) Preikestolen (entity) Ryfylke (entity) Strand (place) Vadla Trygghetsbyrå (person)