Sandnes â Forsand, best for kven?
Plus
Kristoffer Birkedal FrP og Reidar Thu FrP hadde i helga eit innlegg i Sandnesposten/Strandbuen med den noko svulstige overskrifta: Sandnes og Forsand er best saman! I forhold til kva, og i forhold til kven, spĂžr me?
I innlegget blir det lagt fram mange reinspikka pÄstandar utan dokumentasjon.
Det vert hevda om den pÄgÄande debatten, at det einaste den skader er innbyggjarane, samarbeidet og jobben dei har gjort. ForstÄeleg nok snakkar dei ingenting om det som Heidi Bjerga, SV, omtaler som den «rufsete inngangen til samanslÄinga». Nemleg det at den politiske leiinga i Sandnes, som ved ikkje Ä ta avstand, men i staden stÞtta opp om, gav mindretalet i Forsand kommunestyre ryggdekning for lovbrotet den 6.6.2017.
Forsand og Sandnes er best sammen
I innlegget blir det lista opp kva fordeler Sandnes har av Forsand og motsett. Dei glĂžymer her det som nok for Sandnes var viktigast ved Ă„ sikra seg Forsand, nemleg kraftpengane.
Det kan difor vera nyttig for Birkedal og Thu, Ä lytta til representanten Heidi Bjerga nÄr det gjeld kraftinntekter pÄ avvegar, bort frÄ Forsandbygda og Ryfylke. Her snakkar me om store summar som er reine erstatningar til Forsandbygda der vasskrafta er utbygd.
Spesielt gjeld dette konsesjonskraft og konsesjonsavgifter. Viss dette er vanskeleg Ä forstÄ, sÄ les dykk opp pÄ vassdragsreguleringslova.
Gir seg ikke: â For oss er Sandnes som en sko i dĂžra
Det blir ogsÄ hevda at det skal ta 30-40 Är fÞr Ryfast er nedbetalt. Dette er feil. Etter gjeldande vedtak skal Ryfast vera nedbetalt innan 2041. AltsÄ om 15 Är.
Birkedal og Thu klamrer seg til sitt einaste halmstrÄ; at kommunestyret i Forsand pÄ eitt tidspunkt i prosessen, vedtok Þnskje om samanslÄing med Sandnes. At fleirtalet snudde, vart overkjÞrt og sidan har kjempa mot, passar ikkje inn i deira historie.
Me vil ogsÄ minna om prinsippdokumentet som lÄg til grunn for samanslÄinga, der dei fleste av «gulerÞtene» som Forsandbygda vart lova, i dag er borte.
Nei denne saka har handla om rÄ maktbruk frÄ ende til annan. Ein maktbruk som me ser fruktene av i denne debatten og som er skadelidande for innbyggjarane i Forsandbygda.
Sjokkbeskjed pĂ„ rĂ„dhuset â verkebyllen som aldri gir seg
đ Published by 2 sources - Compare: